Ågård (Sandnes gnr. 110/18)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ågård
Stad: Hommersåk
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 110
Bnr: 18
Type: gardsbruk

Ågård (Sandnes gnr. 110/18) var ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 46/18.

Brukarar

84. Georg Hærlopsen,

død ca 1967.

Han var frå Karmøy. Hærlopsen hadde vore i Amerika, der var han sauagjetar i Montana. I 1928 kjøpte han eit stykke i utmarka på Li og begynte som bureisar. Dei seinare åra blei stykket leigd vekk til andre. Han var enkjemann då han kom her til, og barna var vaksne og budde ikkje her.

85. Andreas T. Li,

f. 1881, d. 1963. Son til

Tore Torsen Li (nr 76).

Han hadde fyrst garden på Heia (nr 78), men den overlot han til sonen i 1946. Så leigde Andreas og Gunda dette stykket nokre år, til dei kjøpte seg hus på Hommersåk i 1954 (Folk i bygda-227).

G.m. Gunda O. Østbø, f. 1880, d. 1975, dotter til Osmund Østbø, Hundvåg.

86. Børe Mærland,

f. 1917. Son til Nils

Mærland, tømmermann, budde på Riska (Folk i bygda-549).

Børe og Agnes hadde tidlegare budd på Frøyland og i Heiane på Haualand (Folk i bygda-479 og 524). Nokre år forpakta dei også eit gardsbruk på Frøyland (Frøyland- 101). Frå 1954 leigde dei dette stykket og hadde det til Hærlopsen døydde. Dei dreiv litt gardsbruk, ellers var Børe ute på arbeid, han var sjåfør og kjørte traktor.

G.m. Agnes Stangeland, f. 1920, d. 1992, ho var frå Tjelta i Sola.

Barn:

  1. Nils Birger, f. 1944
  2. Marit, f. 1945.

Litteratur og kilder

Referanser