Ålvundeid kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ålvundeid kyrkje | |
---|---|
Foto: Olve Utne (2009).
| |
Stad: | Ålvundeidet |
Byggeår: | 1848 |
Endringar: | Restaurert 1955. |
Kyrkjegard: | Ålvundeid kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kirke |
Bispedøme: | Møre |
Prosti: | Indre Nordmøre |
Prestegjeld: | Sunndal |
Fellesråd: | Sunndal |
Sokn: | Ålvundeid |
Arkitekt: | Ole Pedersen Tofte |
Materiale: | Tømmer |
Sitteplassar: | 230 |
Ålvundeid kyrkje er ei åttekanta trekyrkje på Ålvundeidet i Sunndal kommune. Ho vart oppført i 1848 som kyrkje for Ålvundeid kapelldistrikt i Sunndal prestegjeld.
Arkitekt og byggmester var Ole Pedersen Tofte (d. 1878), også kjend som Gammeltøftinn. Han var frå Flatvad i Sunndalen, og hadde tidlegare bygt Romfo kyrkje. Kyrkja i Ålvundeid fekk same formen, men er noko mindre enn Romfo. Ei lokal historie fortel at ho skulle hatt same storleiken, men at Ole Tofte hogde av litt av kvar stokk så ho vart mindre enn hans eigen soknekyrkje.