Århuslivegen

Århuslivegen i Kyrkjebygda i Nissedal kommune går nordaustover frå Nissedalsvegen til Kyrkjebygdvegen. Ei søraustleg avgreining endar ved Bergland.

Århuslivegen sett frå Nissedalsvegen.
Foto: Roy Olsen (2025).

Vegen blei namnsett i 2014 og har namn etter lokaliteten Århuslia som igjen har namn etter Århus-gardane (gnr. 17).

I tidlegare tider blei vegen kalt «Smørvegen» fordi han starta ved Meinstad Landhandel, og her var det smørfabrikk der dei laga Fjell- og gardssmør.

  • Nr. 1: Tidlegare Aarhus Hotel, drive av søstrene Gunhild og Tone Aarhus. Endra namn fra Aarhus Hotel til Aarhus Turistheim, truleg i 1939.

Sjå også

Kilder


Koordinater: 59.14761° N 8.51274° Ø