Ånen Årli
Ånen Årli (fødd 16. februar 1902 i Kvinesdal, død 28. mai 1982 same staden) var lærar i Kvinesdal.
Han var son av Johan Ånensen Årli (1872–1905) og Marie Olsen Stokkeland (1880–1962), som gifta seg i 1901. Faren døydde då Ånen Årli var berre 3 år gamal. Mora gifta seg opp att i 1922 med Nils Knudsen Fjell (1859–1951). Ånen vaks opp på slektsgarden Årlia.
Han tok lærareksamen ved Kristiansand lærerskole i 1925, og byrja som lærar i heimbygda i 1930. I 1952 jobba han på Åse skule og Sandvatn skule.
Årli vart i 1932 gift med Ragna Veggeland (f. 1906), dotter av Nils T. Veggeland og Gura Veggeland. Dei fekk ein son, Johan A. Aarli, som vart professor dr.med. ved Universitetet i Bergen. Familien busette seg på Elgjestraum, der dei bygde hus på grunn frå prestegarden.[1]
Han oppgav til band 2 av verket Norske skolefolk at han hadde arkivgransking som hobby. Han hadde òg ein stor interesse for bygdehistoria, og i åra 1964–1972 gav han ut Kvinesdal. Ei bygdebok i tre band. I 1980 kom òg Feda. Gards- og slektshistorie.
I 1982 mottok han Kongens fortenstmedalje i gull.[2] Han fylde åtti år nokre veiker seinare. I mai 1982 var han ferdig med manus til ei bok om humor og folkeminne frå Kvinesdal, som kom ut posthumt.
Bibliografi
- Årli, Ånen: Feda. Gards- og slektshistorie. 1980. 684 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Årli, Ånen: Kvinesdal. Ei bygdebok. 1964-1972. 3 b.
- B.1: Gards- og ættesoga. 1964. 642 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- B.2: Gards- og ættesoga. 1965. 592 s. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Melding (av b. 1–2): Repstad, Lauritz i Heimen, b. XIV, s. 249–251.
- B.3: Kultursoga. 1972. 508 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Supplement: Register til gards- og ættesoga for Kvinesdal. 2001. 285 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Årli, Ånen: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal. 1982. 220 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Referansar
- ↑ «75 år» i Bergens Arbeiderblad 1981-02-26. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ «Kongens gull til Ånen Årli» i Agder 1982-01-06. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Litteratur og kjelder
- Ånen Årli i Historisk befolkningsregister.
- Dødsannonse for Ånen Årli i Fædrelandsvennen 1982-06-02. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Årli, Ånen: Kvinesdal : ei bygdebok. Første del : Gards- og ættesoga. 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- «Ånen Årli er død» i Bergens Arbeiderblad 1982-06-01. Digital versjon på Nettbiblioteket.