Øyragrendi skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Øyragrendi skule er også kjend som Berget skule, og det var skulehus i Berget krins i Sogndal kommune. Skulehuset vart bygd på Berget ved fjorden i 19879/80, og vart seinare flytta opp til Timmerli i Øyragrendi. Det var ein lærar som hadde både Fimreite krins og Berget krins, noko som mest sannsynleg var grunnen til at skulehuset opphavleg vart sett opp nede ved fjorden. Men grendafolket var ikkje nøgde med dette, og skulehuset vart i 1914 flytta på dugnad. Elevane frå Lindborg, Venesvik og Venes, på andre sida av fjorden, fekk no lengste skulevegen. I 1954 vart skulen lagt ned og borna flytta til Nygard skule i Øvstedalen krins.

Skulehuset

Skulehuset skal ha vorte bygd av Nils Ingebrigtson Fjøra og Endre Botolvson Fjøra, og kosta om lag 1000 kr då det vart sett opp i 1879. Bygningen er eit tømrahus og to kraftige bjelkar går på tvers av skulesalen. Ved sida av skulestova er eit lærrarom med seng, eit lite bord og eit par stolar. Fleire av lærarane budde på skulen.

Anna bruksområde

Huset vart også brukt som grendahus dei åra det var skule her. Det vart arrangert basarar, møte, juletrefestar og anna. I 1958 vart huset seld til Målfrid og Inga Fjæren, og huset har mellom anna vore brukt til vevstove.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Tufte, Malvin (2012). Øyragrendi skule, tidlegare Berget skule. Sogndal sogelag, So han sa, 2012, årgang 13.
  • Jakobsen, Kjell (2016). Skulehusi i Sogndal kommune. Sogndal sogelag, So han sa, 2016 årgang 17, s. 14-15

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.20161° N 7.05464° Ø