Berget krins
Berget krins, også kjend som Øyre krins, er ein skulekrins i Sogndal kommune i Sogn. Den 23. mai 1879 vedtok Sogndals heradsstyre at det skulle byggjast skulehus for Øyre krins. Ei byggjenemnd peikte ut ein stad som heiter Berget på garden Eskestrand som høveleg tomt. Skulehuset vart flytta til Timmerli, midt mellom Eskestrand og Øyre, i 1914. Krinsen vart lagt ned i 1954, og borna vart flytta til Nygard skule i Øvstedalen krins.
Skulehus
Øyragrendi skule
Skuledagen
Skulevegen
Det var felles lærar for Berget krins og Fimreite krins, noko som mest sannsynleg var grunnen til at skulehuset i krinsen først var sett opp på Berget, nede ved fjorden. Lindborg, Venesvik og Venes på andre sida av fjorden var også ein del av krinsen. Det tok om lag ein halv time å ro frå Lindborg til Berget skule. I tillegg måtte elevane gå siste stykke opp lia til Øyragrendi skule etter at skulehuset vart flytta opp til Timmerli. Etter at krinsen vart lagt ned og elevane vart flytta til Nygard skule i Øvstedalen krins, tok det dobbelt så lang tid å ro frå Lindborg til Fardal.
Lærar Olav Olsen (1940-54) var busett i Sogndal, og hadde også lang veg på jobb. Han sykla frå Sogndal og gjekk opp frå Bondeviki. Om det ikkje var mogeleg å sykle måtte han gå heile vegen, noko som tok ein og ein halv time.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Fjæren | Olav | Øyragrendi skule | 1890 | 1932 | Lærarbustad om lag 200 meter frå skulehuset. | ||
Hollekve | Andreas | Øyragrendi skule | 1933 | 1940 | |||
Olsen | Olav | Øyragrendi skule | 1940 | 1954 | Busett i Sogndal. |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Tufte, Malvin (2012). Øyragrendi skule, tidlegare Berget skule. Sogndal sogelag, So han sa, 2012, årgang 13.
- Jakobsen, Kjell (2016). Skulehusi i Sogndal kommune. Sogndal sogelag, So han sa, 2016 årgang 17, s. 14-15