(marxist-leninistene)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

(marxist-leninistene) var ei utbrytergruppe frå AKP (m-l) som vart oppretta då partiet skifta namn til AKP på landsmøtet i 1990 – dei tok altså delen i parentes som namn. Det var særleg unge medlemmar med ei radikal, maoistisk orientering som gjekk over i (marxist-leninistene).

I Bergen braut ei gruppe ut frå Rød Ungdom og danna Revolusjonært Ungdomsforbund, og (marxist-leninistene) innleia et samarbeid med dei, kalla Revolusjonært Forbund. Etter ei tid trakk bergensgruppa seg ut og dei fleste gjekk inn i RV. Oslogruppa skifta då namnet attende til (marxist-leninistene). Gruppa gjekk i oppløysing kort tid etter.

Litteratur og kjelder