Siljan Bil

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra A/S Siljan Bil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Rød køyrde denne bussen med 41 sitjeplassar i 1960.
Foto: M. I. Hove, A/S Siljan Bil gjennom 50 år, Skien, 1971

A/S Siljan Bil vart skipa 30. april 1921 i det gamle kommunelokalet på Siljan prestegard. Billaget hadde rute frå Siljan til Skien og omegn.

Historikk

Selskapet sin fyrste karosseribygde buss var ein Reo-bil med 50 hk. Bilen kosta 12 700 kr då den vart kjøpt inn i 1926. Sjåføren på biletet er Thorleif Anundsen.
Foto: M.I. Hove, A/S Siljan Bil gjennom 50 år, Skien, 1971

Under stiftingsmøtet på Siljan prestegard vart det satt ned eit styre for billaget, og fyrste styremøte skulle haldast 1. mai same året. Olaf Næss vart valt til formann, og han fekk også fullmakt til å kjøpe inn bil til laget. Den fyrste bilen laget kjøpte inn var ein fransk «Charron» lastebil. Den hadde tak over lasteplanet og fastmonterte benkar i køyreretninga. Midtgangen vart nytta til varetransport. Prisen på bilen var 18 474 kroner, og ruta gjekk frå Siljan til Skien ei gong til dagen. På sundagar og heilagdagar stod den parkert i garasjen på Hogstad.

I 1926 kjøpte selskapet inn ein seks sylindrar Reo-buss med 50 hk motor og opent karosseri. Bussen hadde 14 sitjeplassar, og prisen var 12 700 kroner. I 1931 blei garasjen på Hogstad flytt til Torsholtbakkene, og garasjen utvida med plass til tre bilar. Tre år seinare hadde bilparken vokse, slik at ein måtte leige ekstra garasjeplass. Tida var mogen for å byggje ut, og i 1938 kjøpte dei tomta i vegkrysset ved Omsland av Hans Åsen for 3000 kroner. Gjennom lån i Bøndenes Bank fekk billaget bygd ny rutebilstasjon med garasjeplass til åtte bilar og to sjåførleilegheiter. Bygget stod klart i 1940.

Krigsåra

Styret, sjåførane og disponenten i A/S Siljan bil i 1939.
Foto: M. I. Hovde, A/S Siljan Bil gjennom 50 år, Skien, 1971

Under krigen hadde billaga dårleg tilgang på grunnleggjande varer for drift. Det vart innført rasjonering på både bensin og olje, og reservedelar var det mest ikkje rå å få tak i. Mange bilar gjekk over til gass¬generatorar som gjekk på knott.

Seinsumaren 1940 vart det kjøpt inn tre gassgeneratorar til A/S Siljan Bil, og seinare vart det kjøpt inn to til. Laget fekk hjelp frå godseigar Treschow til å skaffe knotten. Laget fekk i tillegg utvida oppgåver under krigen, med tilsvarande utvida bensinkvote. Laget brøyta vegane frå Skien-Fylkesdelet på Lardalsheia og bygdevegane i Siljan, i tillegg til å køyre arbeidarar frå Skien til Herøya seks turar til dagen, og frå Skien til Sentralsjukehuset. Frå 1939-1940 køyrde A/S Siljan Bil over 650 000 passasjerar over ein million vognkilometer og hadde driftsinntekter på over millionen.

Mot ljosare tider

Etter krigen var A/S Siljan Bil godt stilt økonomisk. Vognparken vart fornya, og laget utvida tilbodet med turkøyring i både inn og utland. I 1961 hadde laget seks bussar og tre lastebilar, og ti år seinare var bilparken utvida med éin buss.

Samanslåingar

Bilparken til A/S Siljan Bil i 1970.
Foto: M. I. Hovde, A/S Siljan Bil gjennom 50 år, Skien, 1971

I 1989 slo A/S Siljan Bil seg saman med A/S Rutebil og Norborg Bilruter og danna Grenland Nord Trafikkselskap. Dette laget gjekk i 1998 inn i Telemark Bilruter.

Arkivet

Arkivet etter A/S Siljan Bil ligg i dag på Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • M.I. Hove, A/S Siljan Bil gjennom 50 år, Skien, 1971.
Bestillingssetel for uniformane sjåførane i AS Siljan Bil nytta i 1977.
Foto: Per Ormestøyl / Vest-Telemark Museum, arkivref. VTM/A-1049