Åsane kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Aasene kommune»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Salhus Tricotagefabrik. Dette var ein av dei største arbeidsplassane i Åsane kommune. Fabrikken sysselsette på 1950-talet over 300 personar.
Foto: Helge Sunde
Salhus med Salhus Tricotagefabrik til venstre og Salhus Væverier midt i bildet. Da disse to bedriftene ble lagt ned i 1989 og 1976 forsvant det 750 arbeidsplasser fra området.

Åsane kommune i Hordaland vart i 1903 utskilt frå Hammer kommune. I 1914 vart eit mindre område overførd frå Hammer til Åsane. Fram til 1917 var skrivemåten Aasene.

I 1972 vart Åsane saman med kommunane Laksevåg, Arna og Fana innlemma i Bergen kommune. Åsane hadde då eit areal på 71 km², som vart til bydelen Åsane.

Den kommunale veksemda

I 1913 hadde heradet fire skulekrinsar med til saman 326 elevar. Desse vart underviste av fire lærarar og ei lærarinne.

Den samla lengden på dei kommunale vegane (bygdevegane) var i 1913 på 6,1 km.

Kring 1950 vart Eidsvåg kommunesenter i Åsane, og her vart det bygd nytt kommunehus. Etter at Åsane vart slått saman med Bergen kommune, har bygget mellom anna husa bydelsadministrasjonen.

Kjelder og litteratur