Albert Ruskedal (1916–1940)
(Omdirigert fra «Albert Ruskedal (1916-1940)»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Albert Ruskedal (født 10. august 1916 i Bergen, død 30. april 1940 på Lesjaskog). Gift 1937 med Annie Helene Amundsen (f. 1916)
Albert Ruskedal deltok som friviljug kokk i kp. 3 av tredjebataljon IR 11 i alle fall i ved Einabu i Folldalen, der ei tysk avdeling vart stoppa 26. april og måtte returnere til Tynset. Her vart Albert stygt skada av ei handgranat og sendt til Lesjaskog der han altså døydde på feltsjukehuset 30. april. Han vart gravlagt same dag på Lesjaskog kyrkjegard, teke opp att og sendt til Bergen.
Namnet han står på minnesteinen på Lesjaskog.
Kjelder
- Amundgård, Arne: Nogo um krigen i Lesja og Lesjaskog 1940-1945. Utg. [Arne Amundgård]. Bøverbru. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket. side 40.
- Jensen, Jørgen 1956: Operasjonene i Sør-Trøndelag og nordre del av Hedmark fylke Digital versjon på Nettbiblioteket side 164 og 173 .
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 3 Digital versjon på Nettbiblioteket side 735.
- Albert Ruskedal i folketelling 1922 for Bergen kjøpstad fra Digitalarkivet
- Albert Ruskedal i Ministerialbok for Domkirken prestegjeld 1904-1946 fra Digitalarkivet
- Albert Ruskedal i Historisk befolkningsregister.