Arabolt

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Araboltan»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei ulike araboltane i lik målestokk.

Arabolt, i formene Arabolten (sg.) og Araboltan (pl.) er stadnamn som blir bruka om skjer, småe holmar eller skjergrupper. Namnet er registrert to plassar i Smøla kommune og éin plass i Aure kommune, begge på Ytre Nordmøre.

Plassar

  • Arabolten sørvest om Smøla ligg i overgangen mellom Blåsværsvaet og dei ureine farvatna Rotværet/Rotværdraget og Sandskjæra. Han er ein langsmal holme med ei NO/SV-lengd på opp mot 200 m og breidd på kring 60 m. Nærme den butte nordaust-enden er det ein rundvoren haug på 13 m, og sørvest-enden går ut i ein spiss.
  • Nørdre og Søre Arabolten i Breisvaet markerer, saman med Trettholmen, grensa mellom det trygge svaet i aust og dei ureine farvatna kring Langlåtan og Kråkværet i sør og sørvest. Nørdre Arabolten er ein rundvoren holme med ein diameter på kring 30–40 m. Søre Arabolten er flatvoren og avlang med rett nordside og runda sørside; han har ei aust-vest-lengd på i overkant av 100 m og ei nord-sør-breidd på i underkant av 50 m.
  • Araboltan ved Golma, òg registrert med namneformene Hareboltane og Havboltane, avgrensar det ureine farvatnet mellom leia sørom Langholmen i nord og leia sørom Møyslåtten mot Linvågen i sør. Araboltan består av relativt mange skjer med variabel form.
Utsikt frå Langholmen mot Araboltan (t.v. attom galeasen) og Gjeva (t.h.).
Foto: Olve Utne

Særtrekk

I form er araboltane ulike — frå den runde Nørdre Arabolten via den lett avlange, mesta halvmåneaktige Søre Arabolten til den nærmast nålforma Arabolten; og holmegruppa Araboltan. Alle araboltane har til felles at dei ligg i overgangen mellom sva eller lei og ureint farvatn.

Tolking

Det er freistande å forklara -bolt- rett og slett som det nedertyske lånordet[1] 'bolt', og ara- har i det minste i ein del stadnamn samband med norrønt ari (akkusativ/dativ/genitiv ara), som tyder ‘ørn’. Svakheiter med denne forklaringa er at det ikkje umiddelbart gjev meining korfor ein skulle ha ein plass kalla «ørnebolten». Kva skildrar det? Kva funksjon har namnet? Og korfor «-bolten», for den saks skuld. Noka slags bolt-aktig form er ikkje ein fellesnemnar for desse holmane.

Ein annan mulegheit er å sjå på kva som er karakteristisk ved araboltane: Dei ligg alle i overgangen mellom trygg lei og ureint farvatn med mange skjer. På sørsamisk finst ordet aareh el. aarege som tyder ‘steinurd, steinut område’. Kanskje har det ordet vore brukande til sjøs òg i eldre tider? «Attmed» aarah vil på sørsamisk bli uttrykt med postposisjonen baalte: aaregen baalte.

Merknader

Kjelder og litteratur