Langholmen (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 63°10′33.42″ N 7°49′57.864″ Ø


Husa på Langholmen.
Foto: Olve Utne

Langholmen (dativ (på/frå) Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommuneNordmøre. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kyrkjebøkene frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinneleg hørte til Golma, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender att.

Geografi

Plassering

Satellittbilde (NASA) med Langholmen markert med stjerne.

Langholmen ligg i nordenden av skjergarden lengst vest i Aure kommune. Vest-sørvest om Langholmen ligg først Oddskjera, og så SSV om dei att, Kastnotskjera. På hi sida av leia sørom Langholmen ligg den større øya Møyslåtten, og vestom henne att skjergruppa Araboltan (òg skrive Hareboltan og Havboltan). Vestom Araboltan og tvers over for Oddskjera ligg den litle, hestskoforma holmen Gjeva. Vestom Gjeva og Kastnotskjera er det open sjø mot Talgsjøen og Griphølen. Nordaust om Langholmen ligg det fleire småe skjer som går under namnet Spanskskjera, og austom dei att ligg Nordlangholman.

Inndeling

Eigentlig er Langholmen ei samling av holmar med smale og mesta snorrette sund mellom — der Nordre Huslangholmen og Søndre Huslangholmen på aust- og vestsida av hovudsundet med hamna og kaia inneheld de aller fleste bygningane. Rett nordom Nordre Huslangholmen (som går over i Langholmrompa i aust) ligg Kuliberga og austom dei att Sandholman. Rett vestom Søndre Huslangholmen ligg Sørlangholmen og ymse mindre holmar og skjer.

Kuliberga er hovudsakleg ei relativt plan grunnfjellflate som er godt eigna til fiskeberg for tørking av kleppfisk. Namnet Kuliberga kan tenkjast å komma av at ein ser øya Kuli — på ganske lang avstand — derifrå. Men det er ikkje så vanleg at ein gjev namn til plassar etter fjerntliggjande utsikt. Kanskje er det ikkje urimeleg å hugse på at fisk er gueliesørsamisk — og namnetydinga blir i så fall rett og slett ‘Fiskberga’ i tråd med den tradisjonelle bruken av området.

Biologi

På Kuliberga hekkar det mange måsar.
Foto: Olve Utne

Langholmen er i all hovudsak fri for skog (2011). Buskar og tre som finst på Langholmen i dag (2011) inkluderer rogn og eine. I tillegg finst det enkelttre av asal og nyperoser så vel som edelgran. Buskane og trea finst først og fremst mellom husa, men det er òg fleire tre austom husa på Nordre Huslangholmen.

Andre plantar som er utbreidd på Langholmen inkluderer prestekrage, raud jonsokblom, tiriltunge, strandnellik, krekling, skrubbebær, kvitkløver, raudkløver, surgras, strandrug og ymse slag gras.

Mellomstore og større pattedyr finst ikkje på Langholmen. Mange måsar hekkar der — særlig i nordaust.

Næringsliv

Det er gode hamneforhold for småbåtar på Langholmen.
Foto: Olve Utne

Landbruk

Etter Folketeljinga 1865 var det 15 sauer og 3 griser på Langholmen. Etter Folketeljinga 1875 var det 23 sauer og 2 griser så vel som éi geit.

Fiske

Væreigarane

I eldre tider låg Langholmen under Golma og skal blant anna ha fungert som hjellplass og fiskeberg. Første gongen Langholmen blir nemnt i offentlege dokument er ved den nye matrikkelen etter Loven av 17. august 1818. Alt i 1822 vart Langholmen oppkjøpt av væreigaren Eilert Christian Brodtkorb Christie (17801855) frå Kristiansund. Etter at han dødde i 1855, fikk Wilhelm Frimann Christie skøyte på Langholmen frå arvingane i 1857. I 1899 fikk så Henning Christie skøyte på været, og han stod som eigar fram til 1910. Frå 1910 til 1923 var Hans Christian Olaus Aass i Kristiansund eigar, og i 1923 vart været selt til ein lokalperson — til Anders B. Langholm frå Bersveinstua på Langholmen.

Hus og folk

Kjelder

  • b. 1, s. 358–381 av Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. (3 b.) Tustna : Tustna bygdeboknemnd, 1986