Arquebus krigshistorisk museum
Hopp til navigering
Hopp til søk
Arquebus krigshistorisk museum vart skipa i 1980, og første utstilling i eigne lokaler vart åpna i 1995. Museet ligg i Førre i Tysvær kommune. Det er ein del av det konsoliderte museet Haugalandmuseet.
Hovudtema for utstillinga er okkupasjonen av Norge under andre verdskrig 1940-1945. Det er lagt vekt på handelsflåta sin rolle under krigen, dei maritime krigshandlingane og dagliglivet i krigsåra, særleg i Nord-Rogaland og Sunnhordland.
Museet er oppkalla etter kodenamnet Arquebus som motstandsmannen Sverre K. Andersen nytta då han dreiv ein illegal radiosender på Bjoa i Ølen kommune.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Arquebus Krigshistorisk Museum på Digitalt museum.
- Arquebus Krigshistorisk Museum på KulturNav
- Arquebus krigshistorisk museum på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Arquebus krigshistorisk museum, Haugalandmuseet.
| Arquebus krigshistorisk museum er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|
Koordinater: 59.4232768° N 5.3834529° Ø