Avlesjle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Avlesjle: Ein gong i sin høge alder snakka mor (Ingeborg Kalvatn f.Saure, 1909-2008) om noko som ho kalla ei avlesjle. Ho var ikkje overraska over at eg ikkje visste kva ordet tydde, så eg fekk ei forklaring.

Ei avlesjle er noko du skulle ha gjort, men som du heile tida set ut i tid. Eg har lært eit framandord som dekkjer fenomenet. Det heiter å prokrastinere.Sidan eg er litt nyfiken på gamle ord, måtte eg sjå kva han Ivar Aasen skriv om ordet avlesjle. No finn eg ikkje uttalen slik mor sa det. Lurer på om han fekk med seg alle dialektvariantane, men han har med nokre: å avleide, avleidsle, avleltje eller avlelsje. Han kunne nok også hatt med halvemålsvarianten, havlesjle.

Så får kvar med seg tenkje seg kva han eller ho driv og utset. Sjølv har eg» svin på skogen». i så måte.