Bø kommune (Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø kommune
0821 Bo Telemark komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0821
Fylke Telemark
Kommunesenter
Grunnlagt 1838
Opphørte 2020
No del av Midt-Telemark kommune

Bø kommune var fram til 1. januar 2020 ein kommune i Telemark med namn etter bygda. Fram til slutten av 1800-talet låg bygdesenteret på Oterholt, nord for det noverande sentrum. Frå 1890-talet voks «Bøbyen» fram som nytt administrativt og kommersielt sentrum og blei seinare administrasjonssenter i kommunen.

Eit viktig vendepunkt i utviklinga av Bø kom då Sørlandsbanen blei ført gjennom bygda. Bø stasjon opna i 1924, og blei eit knutepunkt. Frå stasjonen gjekk fleire bussruter, mellom anna til Vest-Telemark.

Bø har alltid vore ein landbrukskommune, men i nyare tid blei også handel og tenesteyting viktige næringar. Høgskolen i Telemark, med kring 1 600 studentar, prega lokalsamfunnet sterkt.

Bø kommune var ein del av regionen Midt-Telemark, som også omfatta Nome og Sauherad. Dei tre kommunane var med i Midt-Telemarkrådet.

Kommunevåpenet hadde tre feler i gull på raud botn og viste til den sterke folkemusikktradisjonen i bygda.

I samband med kommunereforma 2014–2018 inngjekk Bø kommune ein intensjonsavtale med Sauherad om samanslåing. Samanslåinga blei vedteken av Bø kommunestyre 16. juni 2016. Den nye kommunen tok til å gjelde 1. januar 2020, og Bø blei ført vidare som administrasjonsstad. Namnet Midt-Telemark kommune blei fastsett etter ein namnekonkurranse der innbyggjarane deltok. Ved samanslåinga hadde den nye kommunen om lag 10 000 innbyggjarar og var den 113. største kommunen i landet målt i folketal.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bø til Nedre Telemarkens fogderi i Bratsberg amt.

Bø grensa mot Notodden i nord, Sauherad i aust, Nome i sør, og Kviteseid og Seljord i vest.

Sjå også

Vegar i Bø kommune (Telemark)

Kjelder og litteratur


Koordinater: 59.41281° N 9.06618° Ø