Bø helselag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø Helselag arkiv
Arkivinstitusjon: Bø Museum
Arkiv-id: Bø-0008
Fylke: Telemark
Kommune: Midt-Telemark
Stad: Bø Museum
Innhald: Årsmeldingar, Lover, Møtebøker, Korrespondanse, Saksmapper, Rekneskap, Medlemskartotek.
Digitalt innhald: Arkivkatalogen

Bø helselag blei i 1922, som Bø sykepleieforening. Laget var tilknytta Telemark helselag av Nasjonalforeningen for folkehelsen. I 2017 slo Bø seg saman med Oterholt, som vart stifta same år, under namnet Oterholt helselag. Bø hadde då om lag 60 medlemar, medan Oterholt hadde rundt 90.

Stiftingsmøtet for Bø sykepleieforening fann stad 14. oktober 1922. Initiativtakarar var Julie Kinck, Solveig Jørstad og Anne Skogen. Laget starta med ei handfull medlemmer, men allereie ved 20-årsjubileet var dei 400.

Tuberkulosen var den viktigaste saka dei i byrjinga, men oppgåvene vart raskt svært mangfaldige. Innan fødeomsorg fekk laget oppretta kontrollstasjon for spebarn og fødeheim. For skuleborn organiserte dei skuletannrøkt, helseundersøkjingar og utdeling av mjølk og tran. Dei fekk etablert folkebad, sjukestove og helsehus. Også omsorg for eldre var ei viktig oppgåve. Dei siste åra har hjarte- og karsjukdomar og demens stått i sentrum.

Formenn og leiarar

Nokre av leiarane for Bø helselag:

Kjelder og litteratur