Bergitte Sæthern

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergitte Sæthern, ca. 1963.

Bergitte Sæthern (fødd 14. august 1900 i Eidskog, død 10. november 1975 same stad) var bonde, Høgre-politikar og folkeminnesamlar. Ho hadde verv i fleire lag og foreininger livet gjennom, blant dei Norges Bondekvinnelag.

Ho blei fødd Solveig Bergitte Sæthern på Eidskogen. Foreldra var Laurits Sæthern (1866-1935), gardeigar og trelasthandlar frå Eidskogen, og Martha Sæthern (1875-1972), gardmannskone frå Eda i Värmland, Sverige. Dei fekk fem barn. Barndomsheimen var Solheim gard ved Magnor,[1] der ho budde budde til 1948. Då flytta Sæthern til Løvnæset, ein annan gard ved Magnor, saman med mora. Ho kjøpte Løvnæset allereie i 1930, og bygde og dreiv gard der frå fyrste stund. Ho døydde heime 75 år gammal. Då var Sæthern ein kjend figur i lokalmiljøet, og i avisa Glåmdalen skreiv ein at "med henne har Eidskog mistet en av sine beste kvinner."[2]

Politikk og foreiningsliv

Sæthern var ein sentral Høgre-politikar i Hedmark. Ho var medlem av Høgrekvinnenes landsstyre, og dessutan det fyrste æresmedlemmet i Hedmark Høgre og av Hedmark Høgrekvinnelag. Ho reiste til dei andre nordiske landa som representant for høgrekvinnene, og skipa til fleire Høgre-kvinnelag i Hedmark. Ho sat i kommunestyret for Eidskog Høgre i fire periodar. Sæthern var i to periodar 1. og 2. varamann til Stortinget for Hedmark Høgre, der ho òg møtte på tinget for Høgremann og gardbrukar Alv Kjøs.[2][3][4]

Sæthern var aktiv i fleire foreininger; då ho døydde skreiv ein i Glåmdalen: "Det er et rikt liv med et utall av verv Bergitte Sæthern har hatt."[2] Ho var aktiv i det lokale bispedømmerådet og meieristyret, ho var domsmann og skjønnsmann, med i Eidskogs utval til Norges Familieråd og medlem i Eidskog forsyningsnemnd og barnevernsnemnd.[2][5][6] I 1948 stifta Sæthern Eidskog Bondekvinnelag, og ho blei den fyrste leiaren og kasseraren i laget. Ho hadde begge verva i 6 år. Då laget hadde 25 års jubileum, blei ho utnemnd til æresmedlem. Sæthern var òg medlem av landsstyret for Norges Bondekvinnelag. Ho var spesielt interessert i husdyrhald, og hadde fleire fjøsstellkurs i bygda.[2] Sæthern blei skildra som "en av drivkreftene og en sterk støtte for laget. Alltid aktiv, arbeidsvillig og oppofrende."[7] Ho sat i fleire år som Norsk Bondekvinnelag sin representant i Forbrukerrådet, og var med i styret då rådet blei stifta.[8]

Virke som folkeminnesamlar og lokalhistorikar

I 1923 samla Sæthern fleire folkeminne i Eidskog som ho sendte inn til Reidar Th. Christiansen (1886-1971), arkivar i Norsk Folkeminnesamling og professor i folkloristikk. Læraren og lokalhistorikaren Gunnar Mandt (1869-1949) formidla kontakten med Christiansen. Dei namngitte kjeldene fortel om arbeid, historier knytte til lokale menneske og landemerke, vérvarsel, nisser, tusser og havfruer. Ein av kjeldene var Gerhard Nilsen (f. 1865) frå Eidskog:

Mens G. Nilsen arbeidet i Pipefabrikken paa Magnor var det ikke rigtig trygt for tuss der. Det hendte av og til naar Nilsen arbeidet utover natten, at nissen slukket lampen for ham. Nilsen tændte lampen igjen og saa længe han sat stille, fik den brænde; men da han begyndte at arbeide igjen, slukkede lampen. - Nilsen hørte tussen baade nat og dag i fabr. men saa aldrig noget der.[9]

Sæthern var djupt engasjert i å ta vare på lokalhistoria i Eidskog. Ho samla ikkje berre inn folkeminne, men var òg ein av eldsjelene bak Eidskog bygdebok. Ho sat i komitéen som arbeida med bygdeboka,[2] og då Vinger og Eidskog kom ut i 1965 køyrte ho rundt i Eidskog for å selja ho.[10] Sæthern er takka i forordet til boka:

I Eidskog arbeidet frøken Sæthern med en systematisk innsamling av stoff med tanke på en senere gards- og slektshistorie. Også dette stoff er stilt til disposisjon for og er i stor utstrekning kommet til nytte i foreliggende bok.[11]

Sæthern var eit aktivt og sentralt medlem i Solør-Odal Historielag gjennom fleire år,[12][13] og ho deltok på kurs i regi av laget om innsamling av gardshistorier.[14] Sæthern formidla mykje av det lokalhistoriske stoffet ho samla i avisa. Ho skreiv mellom anna ein historisk oversikt om Eidskog, der ho trekk linjer tilbake til dei fyrste butsettingane i området. Elles delte Sæthern stoff frå namngitte kjelder som fortel om postkøyring i gamle dagar, uår og historia til lokale gardar.[15][16][17]

Det lokalhistoriske materialet Sæthern samla har mellom anna blitt brukt i Eidskog bygdebok (5 bind, 1982-1996) gitt ut av Eidskog kommune og Glimt fra Magnor før og nå: Om Magnors industrier - og om livet ellers i et aktivt bygdesamfunn (2011) gitt ut av Magnor vel.

Kjelder

  1. bygdebok bind 4 s. 643
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Glåmdalen, 13. november 1975.
  3. Stortinget, "Sæthern, Bergitte. (1900-1975)". Lasta ned 16. april 2021, URL: https://www.stortinget.no/nn/representantar-og-komitear/representantane/representant/?perid=BEST
  4. Lillevold, Eyvind. Hedmark Høyre 1883-1963. Hamar: 1963. s. 110-111.
  5. Handelsregistre for Kongeriket Norge : utgitt på foranstaltning av det offentlige i henhold til lov om handelsregistre, firma og prokura av 17. mai 1890 § 4. 1955, Oslo: 1955.
  6. Glåmdalen, 15. juni 1966.
  7. Glåmdalen, 4. april 1974.
  8. Forbrukerrådet, 10 år for forbrukerne: Forbrukerrådet 1953-1963. Oslo: 1963. s. 82.
  9. NFS-Sæthern (Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).
  10. Glåmdalen, 4. desember 1965.
  11. Smedstad, Ole og Arvid Nilssen. "Forord" i: Lillevold, Eyvind. Vinger og Eidskog. Elverum: Elverum Trykk, 1965.
  12. Glåmdalen, 14. mai 1971.
  13. Hedemarkens Amtstidende, 23. august 1926.
  14. Indlandsposten, 2. august 1928.
  15. Hedemarkens Amtstidende, 15. februar 1929.
  16. Kongsvinger Arbeiderblad, 15. mars 1929.
  17. Hedemarkens Amtstidende, 1. mars 1929.

Eksterne lenkjer