Bersamlaget (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bersamlaget (Fyresdal gnr. 36/1/8) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Folkestadgata 11. Eigedomen er skild ut frå Fyresdal prestegard (Fyresdal gnr. 36/1).

Fyresdal Bærsamlag vart skipa i 1904 for å hjelpe til med omsetjing av nyttevekstar, spesielt ville bær. I 1908 tok dei til å bygge eige hus, tømra til dette vart flytta frå Lofthus søndre (Fyresdal gnr. 33/3). Det var Fyresdal Vel som bygde. Festet på 150m2 tomt fekk Fyresdal Bærsamlag i 1919. Festet skulle gjelde i 99 år frå 1907 mot årleg 7,20 kroner i leige.

Det vart teke mot både skogsbær og hagebær som vart selde utanfor byga, samstundes fekk dei i gang ei saftpresse. I 1908/1909 selde dei om lag 5000 kg tyttebær og 1000 kg blåbær og safta 400 à 500 flasker søt saft (rips). Dei selde mykje i forretningane og fortrengde med det anna framstilla saft. Heradsskogmeister Stoltenberg tok også i mot grankonglar som den gongen vart nytta som såfrø.

Fyresdal Vel gav fleire gonger tilskot til bærsamlaget. Då denne verksemda tok slutt, leigde dei ut til private. Fyresdal Bygdemuseum overtok Bersamlaget i 1955, men dette vart same året seld til privatperson.


Biletgalleri


Kjelder og til inspirerande lesnad


  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Alb. Cammermeyers Forlag. Kristiania 1910