Bikubegang (kulturløype i Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

I Odda sentrum kan du også gå kulturløypa Bikubegang. Når du står på fortauet øvst i Skrevet der Gågata startar, ser du eit lite skilt på ein stolpe.

Frode Grytten under Litteratursymposiet i Odda oktober 2008.
Foto: Dag Endre Opedal

I Bikubegang tar forfattaren Frode Grytten deg med til 24 stopp i sitt «univers». Det er sett opp 24 skilt på hus eller stader i Odda og det er laga eiga bok med kart; Bikubegang (utg. av Odda kommune, 2005 og til sals eller utlån på Tenestetorget/Odda bibliotek).

Bikubegang er både eit litterært kart over Odda og historia over korleis suksessromanen Bikubesong vart til. Frode Grytten gav ut boka på Samlaget første gong i 1999. Seinare har teaterstykket Bikubesong hatt stor suksess.

Den digitale kulturminneløypa går for ein stor del i same område som Bikubegang. Tittelen på den digitale løypa har vi lånt frå Frode Grytten og Bikubesong. I kapittelet «Å kaste hattar opp i lufta», tar forteljaren oss med opp på taket av det store bustadhuset Murboligen som ligg langs Folgefonngata. Vi siterer:

Eg sit på taket og kjenner Murboligen leve under meg. Kvardagens akkordar svever ut vindauga.

Kjørel, popsongar, fjernsynsapparat, krangling, stemmer. Det er ein ny dag, ein ny song, ein bikubesong.
Alt er så nær at eg kan ta på det.
Eg kan plukke ned flya frå himmelen, kaste sola opp i lufta, trille terningar med husa.
Min vesle by, min vesle by.