Bjålandvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjålandvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2021).

Bjålandvegen i Morgedal i Kviteseid kommune går nordaustover i Bjålandsgrendi frå Morgedalvegen (E134) til Bjåland-gardane. Herfrå fortsett vegen som namnlaus skogsbilveg innover fjellet til Breivassdammen ved Breidvatn som ligg på 785 moh. Han er 1 kilometer lang.

Vegen har namn etter Bjålandsgrendi eller Bjåland-gardane. Det er tre Bjåland-gardar: Bjåland søndre (gnr. 70/1), Bjåland nordistog (gnr. 70/3) og Bjåland midtre (gnr. 70/5).

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Norges matrikel: Bratsbergs amt 1905.
  • Norske gardsbruk, Telemark II, Foyn forlag 2000.


Koordinater: 59.48629° N 8.39533° Ø