Bjørn Kleppo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Kleppo frå Eidsborg i Tokke.
Foto: Vest-Telemark Museum

Bjørn Kleppo (1894 – 1976) er kjent som «den moderne knivmakars far». Og det med rette, for Bjørn har ei særleg ære for å ha gjeve skap og lag på staskniven, eller bunadkniven, slik me kjenner den i dag. Stasknivar laga han mange av og desse er spreidde over heile landet. Den som eig ein slik omfram gild kniv, har noko særs verdifullt i sitt eige. Ei samling av stasknivar utan ein Kleppokniv er ikkje ei heil samling.

Bjørn, eller Bjønn som han heitte lokalt, var fødd den 22.januar 1894 på garden Kleppo i grenda Eidsborg i det som i dag er Tokke kommune. Der voks han opp, arbeidde og levde all si tid heilt til han vart gamal og ufrisk. Då måtte han ned på Helseheimen på Dalen, der han døydde den 7. april 1976.

Skulle det vera liv laga i dei tider og skulle ein greie seg på ein liten gard i Vest-Telemark, måtte ein vera nøysam og sjølvhjelpen. Folk på slike plassar var nok vanlegvis utan formell utdanning, men mange kunne vera overmåte kunnskapsrike og visste å snu seg.

Bjørn Kleppo var ein bygdekunstnar og eit universalgeni heilt utanom det vanlege. Det er mest ikkje til å tru kva han klarte å få til med små ressursar. I alle fall var han særdeles hendig og hadde eit godt hovud. Han var treskjerar, smed, knivmakar, sylvsmed, våpenmakar og urmakar. På sitt beste, var dette arbeid av høgaste kvalitet. Bjørn ætta både frå smedar og sylvsmedar så han hadde det i seg, og då vekse opp i eit godt miljø for handverk, - ja, då låg alt til rette for kva det skulle bli av guten.

Heilt frå ungane var små, deltok dei i all slags gardsarbeid saman med dei vaksne. Slik blei viktig kunnskap gjeve vidare til neste generasjon. Berre vesle guten, var Bjørn med å hjelpte til i smia. Dette var arbeid som fall i smak hjå ein evnerik og læreviljug gutunge. Men av slikt kunstnarleg arbeid, starta det heile med treskjering. Dette var arbeid han også dreiv på med på eldre dagar. I treskjeringsarbeidet hans, kan ein finne stilen frå slutten av 1800-talet, frå samtida og eigenutvikla mønster. Ein bygdekunstnar var ikkje så regelbunden, så her kunne han leike seg med den rike fantasien sin.

Staskniv med krokslir, med stempel BK.
Foto: Vest-Telemark Museum

Om lag 20 år gamal, starta Bjørn opp med å lage stasknivar. Dei aller gildaste stasknivane hans skriv seg frå 1920-30 talet. Då hadde han perfeksjonera staskniven med sitt eige uttrykk. Og det er graveringa, mønster og roser på sylvholkane, han er særleg kjent for. Han hadde den rette slengen på det og såleis evna å få fram slikt naturleg liv i rosene. «Det er noko spesielt med Klepporosa», seiast det den dag i dag. Det skulle bli mange fine premiar å få for stasknivane hans.

Bjørn brydde seg ikkje med noko formell utdanning og trong det ikkje heller. Han bruka sitt eige hovud, hadde gode hender og lærte seg sjølv det han hadde bruk for. Såg nok til det andre hadde gjort før, men arbeidde det til og gjorde det om til sitt. Nett som med sylvarbeidet hans. All slags sylvarbeid var gildt, og særleg graveringsarbeid. Når ein ser på sylvarbeidet hans, så stend han truleg ikkje under for nokon i dette. Det finnast mangt eit meistarstykke som vitnar om dette, og det er verkeleg imponerande gjort av ein sjølvlært bondeson frå Eidsborg.

Like så, urmakaren Bjørn Kleppo er vel så kjent her i grannelaget. Det starta med småreparasjonar av klokker, men det stoppa ikkje med det. Til slutt laga han sjølv heile klokka –urverket med alle tannhjul, akslar, lager, lodd og talskive. Og registeret, det at alle urverksdelane verkar saman etter eit visst prinsipp, rekna han «sjølvsagt» ut sjølv. For å lage slike små nøyaktige maskindelar, må ein ha skikkeleg verktøy. Det var likt til det, at det var ikkje berre å fara lukt av garde for å kaupe saker og ting i tide og utide. Nei, og kvifor skulle ein gjera det når ein sjølv like godt kunne lage det som trongst. Han bruka sikkert like mykje tid på dette arbeidet som på det å lage alle urverksdelane.

«Kleppo’n kom av med det meste», blei det sagt. Ja, eller kva anna skal ein seie. Det er vanskeleg med nokre få skarve ord å fortelje godt nok kor flink denne enkle mannen eigentleg var. Så kan kvar og ein tenkje sitt om dette.

Bjørn hadde tileigna seg kunnskap om mangt og mykje og utvikla dette vidare etter sitt eige hovud. Og som me veit, Bjørn var ikkje nåme nær av det å gange å briske seg med all dugleiken sin. Nei, så langt derifrå, men han hadde gode råd å gjeva til den som ville lære. Her må nemnast at den kjente sylvsmeden Torgeir Omsberg på Dalen lærte å lage stasknivar av Bjørn. Han var nok kanskje ikkje så lett å lære av fordi læringa gjekk ut på å fortelje korleis det skulle gjerast. Å syne fram med praktiske øvingar var han visst trau til.

Dette var ikkje ein mann som leid av utferdstrong. Bjørn var ein smånøgd og stillferdig kar som heldt seg mest heimleg. Og skjørtejakt blei det nok litt for lite av, for han fann seg aldri eit sneddleg kjerringemne. Han blei difor gangande lauskar heile sitt vaksne liv.

Bjørn var, som før er skrive, ein heftig flink kar i alt han dreiv på med, men forretningsmann var han nok ikkje. Pengar var ikkje drivkrafta til denne karen. Ein gong hadde Bjørn liggjande ein fiks ferdig staskniv med gullholkar og det ville seg slik at ein amerikansk turist ville kjøpe denne. Bjørn sa at prisen var 750 kroner, men amerikanaren syntest dette var alt for lite og ville gje han 1500 kroner for kniven. Dette lika ikkje Bjørn noko særleg og sa at prisen var 750 kroner elles blei det ikkje handel. Etter ein del godsnakking, gjekk Bjørn med på å ta i mot 950 kroner for kniven. Men då i tillegg fekk amerikanaren eit forseggjort miniatyrstabbur, som Bjørn hadde laga, med på handelen.

I dag høyrast dette rart ut for mange, men det fortel oss at grådigskap var ikkje ein del av naturen til meistaren og mennesket Bjørn Kleppo.

Vest-Telemark Museum i Eidsborg kan me sjå verkstaden til Bjørn Kleppo, og dertil mange ulike ting han har laga.

Kjelder