Bjelland kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjelland kyrkje
Bjelland kirke, Vest-Agder - Riksantikvaren-T207 01 0009.jpg
Foto: C. Christensen Thomhav / Riksantikvaren
Stad: Bjelland
Byggeår: 1793
Endringar: Restaurering 1882 og 1943
Kyrkjegard: Bjelland kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Agder og Telemark
Prosti: Mandal
Prestegjeld: Marnardal
Fellesråd: Lindesnes
Sokn: Bjelland
Teknikk: Tømra
Materiale: Tre
Altartavle: Av Guttorm Persson Eftestøl.
Sitteplassar: 300
Anna informasjon: Rosemåling av Gutorm Persson Eftestøl og Knud Knudsson Årstøl.

Bjelland kyrkje i Lindesnes kommune er ei tømra krosskyrkje frå 1793. Ho er den tredje kyrkja på staden, etter mellomalderkyrkja og gamlekyrkja frå 1600-talet.

Kyrkja var lenge hovudkyrkje for Bjelland prestegjeld og soknekyrkje for Bjelland sokn. Etter ei omlegging i 1969 vart Bjelland prestegjeld innlemma i Holum prestegjeld, som så året etter skifta namn til Marnardal prestegjeld. Bjelland kyrkje var framleis for hovudkyrkje å rekne, sjølv om ein så seint ikkje lenger nytter omgrep som hovudsokn og annekssokn. Etter kommunesamanslåinga i 2020 ligg kyrkja under det kyrkjelege fellesrådet i Lindesnes.

I 1803 vart kyrkje dekorert rosemåla innvendig av Gutorm Persson Eftestøl og Knud Knudsson Årstøl. I 1882 vart dekoren overmåla, men til 150-årsjubileet i 1943 vart kyrkja restaurert og dekoren avdekka.

Gutorm Eftestøyl var òg mannen bak altertavla, med motivet «Dei fem kloke og dei fem uvituge brurmøyane» frå Matteusevangeliet.

På kyrkjebakken finn ein fleire kulturminne. Det ligg eit gravfelt frå jernalderen der, med tre synlege gravhaugar, og ei søkkje i marka etter ein fjerde haug som er fjerna. To store heller som står i kyrkjegardsmuren på austsida skal vere frå denne haugen. Eit større felt med sju haugar ligg på andre sida av riksvegen, på Skrumonen. Attmed kyrkjemuren ligg det ein flat stein, som vert kalla «Lensmannssteinen». Det skal lensmannen ha stått når han las opp kunngjeringar. Ein finn òg ein bautastein med hol i, som er den gamle gapestokken. Og til sist er det ein mindre stein som har fått namnet «Hundehovudet» - han kan minne om eit hundehovud. Steinen kan vere restar etter ein kross frå mellomalderen, men den lokale tradisjonen fortel at det er gravminnet over ein fredlaus som ikkje fekk liggje på kyrkjegarden.

Det er òg sett opp eit minnesmerke på kyrkjebakken over tre blad Søren Schive, som alle var sokneprestar i Bjelland.

Ved valet til Riksforsamlinga 1814 var Bjelland ei av valkyrkjene - ikkje berre for eitt val, men for heile fire. De tre prestegjelda Bjelland, Finslan og Åseral samt Grindheim sokn gjennomførde nemleg valet der. Grindheim var ein del av Bjelland prestegjeld og skulle ikkje hatt eige val, men det vart slik. Det er sett opp blå plakett til minne om valet.

Galleri

Litteratur og kjelder

Koordinater: 58.38000834° N 7.52780834° Ø