Blikavegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Blikavegen i Svartdal i Seljord kommune er ein blindveg som går nordover i bratt lende frå Svartdalsvegen og endar ved Blika søndre, gnr. 80/1. Han er 1845 meter lang og går i jordbrukslandskap med innslag av skog.
Vegen har namn etter Blika-gardane (el. Bleka) og blei namnsett i 2005.
Attmed vegen ligg Bleka gruver. Gullforekomsten ved Bleka gullgruve blei funne i slutten av 1870-åra. Her var det drift frå 1882–1901 av det franske gruveselskapet Compagnie Francaise des Mines de Bamble, og i perioden 1933–1940 av Bleka gruber AS.
Sjå også
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Hjartdalsbygda: Bleka gruver.