Blindheim Cementsteinfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Blindheim Cementsteinfabrikk var ein sementsteinfabrikk i Sykkylven, etablert av tyskfødde Heinrich Wilhelm Schmidt i 1904. Oppstartinga av verksemda må ein sjå i samanheng med brannen i Ålesund same året. Bybrannen gav god marknad for produkta hans, som første tida var murstein, takstein, mønestein, dekorstein, fliser, kloakk- og dreneringsrør.

Schmidt kjøpte sandtak på Erstad og bygde kai i Jaktevika på Blindheim og førte sanden dit. Han tok og ut mykje sand frå parsellen Sandbakken på Hau-Ola-bruket på Blindheim. Tjue mann fekk snart arbeid ved verksemda, og fram til første verdskrigen var Heinrich Schmidt største arbeidsgjevaren i Sykkylven. I 1917 var arbeidsstyrken på det største med 30 mann.

Schmidt var ikkje berre sementvarefabrikant. Allereie første driftsåret førte han opp ei rad hus med Schmidt-stein. Han bygde hus og kaier både i Sykkylven og bygdene omkring. Elles grunnla han og sette i gang fleire sementvarefabrikkar på Sunnmøre og andre stader i landet. Heinrich Schmidt var eit oppkome av verkelyst og idear. Han tok fleire patentar i sementvarebransjen. Av mursteinmaskiner hadde Schmidt mellom anna patent på ei som laga relativt stor murstein (tysk standardformat 6,5 x 12 x 25 cm). Steinen hadde tre hol halvvegs inn i eine flatsida. Hola skulle tene fleire føremål: betre forankring under muring, forenkla deling av steinen i halv-, trekvart- og kvartstein under muring. Elles skulle hola ha ein viss isolasjonseffekt i muren. Det vart laga ni stein i gongen på denne maskina, som hadde tre faste ståltappar i botnen av forma. Tappane stakk opp gjennom hol i dei lause botnplatene. Maskina hadde ei pedaloperert lyfteordning.

Etter at brett og lause knivar var lagde på plass i maskina, vart formene godt fylte med halvtørr sementmasse. Denne massen vart banka saman med ei flat, tung treklubbe som arbeidarane svinga over hovudet. Overskotsmassen vart stroken av med ein avstrykarkniv, og deleknivane vart trekte ut. Så vart botnen med dei tre bretta lyfta opp gjennom dei faste sideveggane i forma med lyftepedalen. Bretta vart understøtta av eit spesielt forma jarn, medan den profilerte botnen vart senka ned att. På grunn av tørr masse og god banking heldt steinen allereie forma. Bretta med tre steinar på kvart vart stabla i reolar til herding. Etter to-tre dagar kunne steinen takast av bretta og lagrast ute til vidare herding.

I 1912 kjøpte Heinrich Schmidt, i lag med O.B. Nilsen, eit kalksteinfelt på Lyshol. Kalksteinen køyrde dei med hestekjerre til Blindheim, der det vart sett opp ein stor omn til å brenne kalken i. Kalken vart særleg nytta til muring.

I nedgangstida i tjueåra gjekk det nedover med byggeverksemda og sementvareproduksjonen til Heinrich Schmidt. Schmidt-familien heldt likevel drifta gåande i redusert omfang heilt til 1965-66.

Kjelde