Blixprisen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Blixprisen vart etablert i 1968 og skal kvart år delast ut til ein framifrå nordnorsk forfattar, det skal leggjast vekt på å heidra ungre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. Forfattaren skal skriva på nynorsk eller dialekt.

Blixprisen blei oppretta med midlar frå Emma og Elias Blix’ legat frå 1962, som gjekk inn i Samlagsfondet i 2015. Legatet blei gitt av Marie Blix og byråsjef Einar Blix og sett i verk av revisjonssjef Ivar Blix til minne om foreldra deira. Legatet blei styrt av Det Norske Samlaget, og hadde til oppgåve å fremje arbeidet for nynorsk litteratur mellom anna gjennom å dela ut Blixprisen.

Juryen for Blixprisen har tre medlemmer, og Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, Nord Universitet og Nordnorsk forfatterlag oppnemner kvar sitt medlem.

Prisen er for tida (2025) på kr 15 000.

Utdelte prisar

  • 2023 Sigrid Agnethe Hansen
  • 2022 Jens K. Styve
  • 2021 Inga utdeling
  • 2020 Inga utdeling
  • 2019 Inga utdeling
  • 2018 Inga utdeling
  • 2017 Inga utdeling
  • 2016 Inga utdeling
  • 2015 Sissel Horndal
  • 2014 Inga utdeling
  • 2013 Teresa Grøtan
  • 2012 Anne Osvaldsdotter Bjørkli
  • 2011 Ingvild Holvik
  • 2010 Kjersti Kollbotn
  • 2009 Are Bredal Simonsen
  • 2008 Tarald Stein
  • 2007 Sigrid Merethe Hanssen
  • 2006 Irene Larsen
  • 2005 Tove Myhre
  • 2004 Trond Hellemo
  • 2003 Tore Elias Hoel
  • 2002 Malvin Skulbru
  • 2001 Inge Eberg Johansen
  • 2000 Ragnfrid Trohaug
  • 1999 Kine Hellebust
  • 1998 Inga utdeling
  • 1997 Terje Nilsen
  • 1996 Helge Stangnes
  • 1995 Eva Jensen
  • 1994 Ola Bremnes
  • 1993 Hans Sande
  • 1992 Ragnar Olsen
  • 1991 Gunvor Stornes
  • 1990 Hanne Aga
  • 1989 Sissel Solbjørg Bjugn
  • 1988 Asbjørn Eidnes
  • 1987 Jahn-Arill Skogholt
  • 1986 Johan Nymo
  • 1984 Finn Myrvang
  • 1983 Hans Kr. Eriksen
  • 1981 Arvid Hanssen
  • 1980 Edvard Ruud
  • 1978 Audun Nilsskog
  • 1977 Birger Jåstad

Kjelder og litteratur

Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!