Blytts hage
Blytts hage er eit område som ligg på nordsida av Bandak. Området er kjent for sin frodige vegetasjon og sine sjeldne planter.
Historikk
Kjeldene er usamde om kven Blytts hage er kalla opp etter. Nokre meiner det er Mathias Numsen Blytt (1789-1862) som var norsk professor i botanikk ved Det Kgl. Fredriks Universitet i Christiania i 1837. Mathias arbeida under fleire av Europas mest kjende botanikarar, og var mellom anna i kontakt med Charles Darwin. I 1980 fortalte Hans Breidalen at "det veks mange slags tre og blomar, delvis skjeldne. Professor Blyt, var truleg her i 1837, derav namnet."[1] Andre meiner hagen er kalla opp etter sonen, Axel Blytt. Han var botanikar som faren, og i 1880-90-åra skal han ha vitja området og funne nokre sjeldne blomar her.[2]
Referansar
Kjelder
- Gardåsen, Tor Kjetil, Lokalhistorisk reise på Telemarkskanalen, Skien, 1997. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Skarprud, John, Kviteseid : heimbygdsoge til skulebruk. H. 1, Kviteseid, 1976. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- NRK, "Darwins korrespondanse", 2002. Lenke til nettartikkel. (Lest 10.01.2019, kl. 10.40.)
- Wraa, Thor H., "'Stadnamnprosjektet i Kviteseid", 1980.