Thor H. Wraa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Thor H. Wraa (1949).

Thor Hansson Wraa (fødd 2. august 1912 i Kviteseid, død 13. oktober 2007 same stad) var gardbrukar. Han var son av Hans Torsson Wraa (1884-1938) og Tårånn Kristiansdotter Fjone (1884-1973). Thor hadde tre syskjen; Thor Hansson Wraa d.e. (1910-1911), Signe Marie Hansdotter Wraa (1916-1999) og Kristian Johan Hansson Wraa (1918-2003).

Liv og virke

Thor vart fødd på Gotuholt, i Lundevallgrendi i Kviteseid. Etter at faren døydde, budde han her i lag med mora og sine to syskjen, Signe og Kristian. Mora døydde i 1973, og då tok syskjenflokken over garden. Alle tre var ugifte, og ingen hadde ungar.

På garden hadde dei hest, kyr, sau og høner. Thor var født med ein hoftefeil, og sleit difor med det fysiske arbeidet. Kring 1960 reiste han til Oslo for å operere, men operasjonen vart mislukka. Han verka meir som ein administrator på garden, der det var broren som gjennomførte det tyngste arbeidet.[1] På garden dreiv dei med tømmerhogst og tømmerkøyring i gamal stil, i tillegg til det vanlege jordbruket. På garden var det også eit gamalt bygdemeieri i kjellaren, men dette vart truleg avvikla omlag då faren døydde i 1938.

Under krigen reiste tyskarane rundt på gardane for å beslaglegge hestar, men dette ville dei ikkje finne seg i på Gotuholt. Før tyskarane kom festa dei grima på ein slik måte at hesten blei oppjaga når ein drog i tømmane. Tyskarane kunne ikkje anna tru enn at hesten var ubrukeleg. Slik vart hesten verande på garden.[2]

Thor var glad i å danse og var mellom anna med i leikarringen i Kviteseid ungdomslag. Hofteproblema gjorde at han måtte legge dansen på hylla.

Thor sat i styret til både Kviteseid Skogeigarlag og Kviteseid Bondelag. Dei siste åra av livet budde Thor på Kviteseid Omsorgsenter. Her døydde han 95 år gammal den 13. oktober 2007.

Thor Wraa sitt stadnamnregister

Gotuholt i Lundevallgrendi.
Foto: Otto Hansen (1955) / "Widerøe Flyveselskaps flyfoto fra Kviteseid kommune : Gotuholt."
Nasjonalbiblioteket

På 1970- og 80-talet gjennomførte Thor H. Wraa eit større innsamlingsarbeid av stadnamn i Kviteseid. Initiativet blei tatt under eit årsmøte i Kviteseid Skogeigarlag der Wraa tok opp utfordringa med å ta vare på dei gamle namna, og at "stadig fleir namn fall ut i den praktiske drifti av eigedoman, å yverføring frå dei eldre til dei yngre vart stadig dårlegar. Derfor blei faren for at dei skull havne i gløymeboki større for kvar tid."[3] Under møtet blei Wraa valgt til å gjennomføre eit innsamlingsarbeid saman med Gunnar Sollid og Erling Øygarden. Prosjektet vart det aldri noko særleg av, og Wraa tok snart til å registrere stadnamna åleine.

Wraa fann fort at ein av dei største utfordringane ved innsamlingsarbeidet var å finne ein høveleg stad å merke stadnamna av på. Han hadde forsøkt å nytte forstørra utgåver av Geografisk Kartverk sine kartblad, men meinte desse var ubrukelege. Snart fekk han overta flyfoto frå skogbruksleiar John Flatland og herredskogmestar Hallvard Dalen. Han fekk også flyfoto frå Kviteseid- og Vrådal Skogeigarlag.

Attmed merkinga på flyfotoa skreiv Wraa lister over stadnamna som høyrde til dei forskjellige gards- og bruksnummer i kommunen. Han ynskte å kontakte kvar einaste eigar av jord og skog. Utan førarkort og med dårlege hofter reiste Wraa rundt i bygdene. Fyrst på sykkelen - sidan med dei lokale bussrutene og med privatbilistar når han fekk haik. Etter kvart fekk han lov til å sitje med registreringsarbeidet på kommunehuset i Kviteseid - "for det var ein stad som alle og ein kvar før eller seinar kom innom."[4]

Stadnamnlistene fylte seg snart opp. Attmed namna på gardane blei det registrert hustufter av ymse slag, kverner, badstoger, smier, vasskjelder, steindammar o.a. Då Wraa avslutta arbeidet ei gong på 1980-talet hadde han registrert omlag 10 000 stadnamn frå heile kommunen. Desse stod oppført på lister ordna etter gards- og bruksnummer med tilhøyrande avmerking på flyfoto. "Samfunnet skuldar deg fleire årsløner" uttala leiar av seksjon for namnegransking ved Universitetet i Oslo, Bottolv Helleland, då Thor Wraa vart heidra i 2003.[5]

Kviteseid historielag samarbeider med Vest-Telemark Museum om å digitalisere materialet frå Thor Wraa sitt stadnamnregister. Resultatet vil etter kvart bli publisert i Språkrådet sitt digitale register over stadnamn i Noreg og kan studerast på denne lenka.

Arkiv

Stadnamnregisteret til Thor H. Wraa er ordna under namnet "Kviteseid stadnamnarkiv" ved IKA Kongsberg. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Galleri

Referansar

Leikarringen i Kviteseid ungdomslag i 1949. Thor H. Wraa står bakerst til høgre.
  1. Fortalt av Ingrid Bjørnson på nabogarden Espeland. Attfortalt av Petter Olav Wraa.
  2. Fortalt av Thor H. Wraa. Attfortalt av Petter Olav Wraa.
  3. Wraa si innleiing til stadnamnregisteret.
  4. Vest-Telemark Blad, 7. februar 1975.
  5. Vest-Telemark Blad, 4. november 2003

Kjelder