Bolsøy kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Bolsøy herad»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bolsøy kommune i Møre og Romsdal vart oppretta i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837. Kommunen bygde på Bolsøy prestegjeld, som ble etablert i 1740. Den 35 kilometer lange Fannefjorden kløyvde kommunen mest i to.

Bolsøy låg rundt byen Molde, og alt i 1915 vart ein liten del av kommunen overført dit. Grenseendringa i 1952 var meir omfattande, då eit område med 1913 innbyggjarar vart overført til Molde. Etter denne grenseendringa hadde Bolsøy ei flatevidd på 290 kvadratkilometer. Folketalet var på 7888 då resten av kommunen i 1964 vart lagt til Molde.

Romsdalsmuseet ligg i gamle Bolsøy kommune.

Den kommunale verksemda

På slutten av 1940-talet hadde Bolsøy 14 folkeskular. Av desse var det 11 nynorskkrinsar, medan dei siste tre nytta bokmål som opplæringsspråk. Sjølve kommunen var nøytral i målspørsmålet.

Kjelder og litteratur