Breiavatnet (Stavanger)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Breiavatnet.
Foto: Riksantikvaren (1920–1960).

Breiavatnet er eit vatn i sentrum av Stavanger. Korleis det fekk dette namnet, som før vart skrive Bredevannet, er ikkje kjend. I dei eldste omtalane står det berre Vatnet. Breiavatnet vert omtalt som byen sitt hjarte, eller som byen sitt smilande eller blinkande auge.

Vatnet er ein del av daldraget mellom Vågen og Hillevågsvatnet. Det er mellom ein og fire meter djupt dei fleste steder, men det djupaste stedet er på ti meter. Vatn kjem inn gjennom Kannikbekken, som renn frå Mosvatnet. Utløpet er Skolebekken som følgjer Klubbgata og renn ut i Østervåg. Det meste av Kannikbekken og heile Skolebekken ligg i rør.

Første gong vatnet er nemnd i kjeldane er i 1322. Korsbrørne i Stavanger fekk då ein eigedom i gåve, og denne låg «sør for Vatnet i Stavanger». Kjelder frå 1600-talet vitnar om godt fiske i Breiavatnet. Det var krangel om fiskerettane, som frå gamalt av låg til bispegarden. Etter reformasjonen tok amtmannen og seinare Kongsgård skule over. Det var særleg ålefisket som var ettertrakta.

Heilt fram til 1848 gjekk bygrensa midt i vatnet, så den austlege delen låg utafor kjøpstaden. Særleg på austsida, men óg på vestsida, var det vanleg å utvide eigedomen sin ved å fylle ut vatnet. Det har vore ein god del større enn i dag; i 1860-åra var det på 41,15 dekar, mens det no er på kring 27 dekar. Den opphavlege strandlinja er heilt vekk. I 1870-åra kunne det aller meste av vatnet ha forsvunne, då bystyre og formannskap ville fylle ut meir for å bygge jernbanestasjon. Men grunnen var ikkje stabil nok, og vatnet vart redda. Stavanger stasjon vart bygd rett sør for vatnet.

Kjelder og litteratur