Breidablikk (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Breidablikk vart namnet på ungdomshuset i Folkestadbyen etter at det vart flytta til ei tomt ovanfor Ånerud der det var før flyttinga. Dette tilsvarar bustadadressa Skippergata 21 og eigedomen Solheim.

Laget fekk sitt eige blad "Solglytt" og var særs aktivt på mange område. Så godt som laget kom til makt vart huset Ånerud for lite og det vart bestemt at det skulle rivast, flyttast og setjast opp att samtidig som ein bygde det større, på eit område ovanfor Ånerud. 30. oktober 1904 blei det nye "Breidablikk" opna med ein gild fest. Her vart det god plass på alle måtar, ute og inne. Huset kosta om lag kr. 3000,00 og laget hadde ei gjeld på kr. 500,00 i 1906. Det var då om lag 100 personar med i laget. Dette fekk og namnet "Breidablikk" og laget hadde eigen fane. Her har vore mange utabygds og innabygds talarar som tala om mange samfunnsnyttige saker, og laget tok på seg mange ulike praktiske oppgåver og ungdomshuset blei bruka i mange ulike tilhøve.

Aktiviteten i laget heldt seg lenge, men etter kvart vart den mindre og mindre og bygningen vart ståande ubrukt, Det vart drøfta ulike formål vidare, men det vart til at huset vart rive fyrst på 1900 talet.


Solheim (Fyresdal Gnr. 37/1/14) har og Gnr. 37/22. Denne har gått ut frå Århus (Fyresdal Gnr. 37/1). Ved auksjon i 1903 kjøpte Knut O. Vaddeli husa på Solheim frå Olav K. Snippen for 475 kroner. Seinare vart dei flytta frå Solheim ved Folkvang til ei ny tomt nord for Øyfoss Bruk. Signe S. Lie bygsla tomta mot 19 kroner årleg leige i 1929.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo