Arne Brimi
(Omdirigert fra «Brimi, Arne»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Arne Brimi (født 1. oktober 1957) er kokk og matforfattar. Han er kjend for å kombinere norske mattradisjonar med det moderne, internasjonale kjøkken - og for å halde hardt på dialekta si. Brimi har delteke i fleire fjernsynsprogram, som Gutta på tur.
I 1985 vart han utnemnd til årets kjøkkensjef, og i 1987 vart han Norges første deltakar i VM i kokekunst (Bocuse d'Or). Frå 1978 til 2002 var han kjøkkensjef på Fossheim Turisthotell i Lom. Han åpna så Vianvang (Senter for matkultur) i Vågå. I 2005 vart han æra med eit æresdoktorat ved Universitetet for miljø- og biovitenskap.
Bibliografi
- Frå Lom til Lyon: Kokebok frå naturens kjøken. 1987.
- Frå naturens kjøken: Mat og matkultur frå kjøkenet under Lomseggen. 1991.
- Ein smak frå norsk natur: Langs ein vassveg. 1993.
- Utan mat og drikke: Offisiell kokebok for landrennslandslaget. Med Arne Hjeltnes. 1995.
- Gutta på tur. Med Arne Hjeltnes. 1997.
- Norges nasjonalretter: En matglad reise i vårt eget land. Med Ardis Kaspersen. 1999.
- Tid til overs. Matfilosofi fra Vianvang. 2000.
- Nordiske nasjonalretter: En matglad reise i Norden. Med Aase Strømstad og Erik Myhr. 2001.
- Det høieste høie: 10 originalar frå Jotunheimen. Med flere forfattere. 2002.
- Europeiske nasjonalretter: Spania og Portugal. Med Aase Strømstad og Erik Myhr. 2002.
- Den opprinnelege smaken. 2003.
- Årstider: Norsk tapas, turmat og vennemiddager. Med Ole Bjørner Welde. 2006.
- Brimis beste: Dei beste oppskriftene, den beste smaken, den norske opplevinga. 2006.
- Den siste fristelse: Kaker desserter og ost. Med Ole Bjørner Welde. 2008.
- Hverdagsmat og festmat langs primstaven. Med Birger Sivertsen. 2011.
Kjelder
- Arne Brimi i Store norske leksikon
- Arne Brimi på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Arne Brimi på Wikipedia på nynorsk