Brugdefangst

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artiklen om Brugdefangst er basert på forteljing av mannskap og seinare skipper på MB «Hai» M-94-HØ frå Herøy i Møre og Romsdal. Båten var utstyrt med kanon tilpassa brugdefangst. Den vart utført ved å skyta eit spyd gjennom fisken. Noko bak midten på spydet var forløparen festa, når spydet vart skote gjennom fisken hang det at i forløparen så det la seg på tvert under fisken. Dermed vart det bokstaveleg talt, fast fisk. Forløparen var ein 1,5 toms tjukk vaier på rundt 10 famner lengde. Den gjekk over på ein 4-5 toms nylon tamp, den var oppspola på vinsjetrommelen. (Mål på vaier og tauverk er rundmål). Med vinsja vart brugda taua opp på sida til båten, og for å sikre at fisken var avliva, vart det skote eit par skot gjennom hovudet. Det er verdien på levra som gjer at det har vore drive fangst på brugde. I perioder har det også vore gode prisar på undersporden, ryggfinnen og sveivane. For å få levert desse måtte dei vera fint reinskorne. På kvar fisk kunne desse vera rundt 65 kg. Når buken vert oppskoren flyt levra opp, den vert fanga med ein hov som heng i bommen. Rundt 600 kg lever på kvar fisk var det vanlege, men på Finnmarka vart det fortalt om ein tur der høgste vekt lever pr. fisk var opptil 830 kg.

Romet var oppbinga med midtskot og sidebingar som levra vart fylt i. På MB «Hai» hadde dei lagt glasfiberplast på skota mot maskin og lugar for å få det så tett som råd. Det var ofte lange vegar å gå for levering, og fangstinga kunne og stundom ta noko tid. For at ikkje levra skulle verta sur vart den konservert med formalin. På turar til Finnmarkskysten måtte dei sør til Ålesundsområdet for levering, berre ein gong hadde dei fått levert i Lofotområdet. Levra vart mellom anna nytta til kosmetikk. Når dei var på dette fisket fekk dei prøve den kosmetiske verknaden, ikkje i lukt, men i svert mjuk og fin hud på hendene.

Sjå også desse lenkjene om historisk bakgrunn og metoder.

Kjelder