Brukersamtale:Geir Helge Nilsen
Velkommen!
Velkommen ombord, Geir Helge Nilsen! Om du ikke har tidligere erfaring med wikiarbeide, så er det lurt å begynne med å se gjennom siden «Om wikien» og å ta en titt via basismanualen eller oversikten over hjelpesidene. Den siste siden viser deg videre til hjelp om spesifikke tema. Ellers er det bare å sette i gang med skrivingen om lokalhistoriske emner, inkludert orienteringsartikler om tilgrensende fagfelt, som du har interesse og/eller praktisk eller teoretisk bakgrunn for å skrive om. Du kan se om andre har samme interesser, og eventuelt legge inn dine på siden der brukerinteresser og ekspertise (sletta side) er listet opp. Skriv gjerne noen ord om deg selv på din egen brukerside også — da er det lettere for alle oss andre å se hvem du er. Om du skulle være vant til å arbeide på Wikipedia, så er det lurt å ha i bakhodet at lokalhistoriewiki.no skiller seg ut fra Wikipedia på mange måter. Wikien vår er hele tiden i utvikling, og veien blir i stor grad til mens vi går. Lokalhistorikeres og andre lokalhistorieinteressertes erfaringer, tanker og forslag vil selvfølgelig tillegges stor vekt under prosessen. Lykke til! :-) |
Velkommen ombord, Geir Helge Nilsen! Om du ikkje har tidlegare erfaring med wikiarbeid, så er det lurt å begynna med å sjå gjennom sida «Om wikien» og å kike gjennom basismanualen eller oversynet over hjelpesidene. Den siste sida viser deg vidare til hjelp om spesifikke tema. Elles er det berre å setje i gang med skrivinga om lokalhistoriske emne, inkludert orienteringsartiklar om tilgrensande fagfelt, som du har interesse og/eller praktisk eller teoretisk bakgrunn for å skrive om. Du kan sjå om andre har same interesser, og eventuelt òg leggje inn dine eigne på sida der brukarinteresser og ekspertise (sletta side) er opplista. Skriv gjerne nokre ord om deg sjølv på di eiga brukarside òg — da er det lettare for alle oss andre å sjå kven du er. Om du skulle vera vant til å arbeide på Wikipedia, så er det lurt å ha i bakhovudet at lokalhistoriewiki.no skil seg ut frå Wikipedia på mange måtar. Wikien vår utviklar seg heile tida, og vegen blir i stor grad til medan vi går. Erfaringar, tankar og forslag frå både lokalhistorikarar og andre lokalhistorieinteresserte vil sjølvsagt bli lagt mykje vekt på under prosessen. Lykke til! :-) |
-- Siri Johannessen (Siri J) 22. sep 2009 kl. 19:20 (CEST)
Fint at du bidrar med nye indikasjoner på udokumenterte kirker. Foreløpig er det ikke så mange som har dristet seg utpå. Indikasjoner av den typen du har angitt for Tveitankroken i Nome er dessverre i ferd med å gå tapt. Ettersom det er sagn eller tradisjon knyttet til Tveitankroken, skal vi kanskje flytte indikasjonen til en av disse overskriftene? Hvor ligger egentlig Tveitankroken i forhold til Prestkleiva (som jeg har funnet på kartet)? Hvis du har flere indikasjoner på lager, så bare kom med dem. Dag Bertelsen (Dageb) 12. des 2009 kl. 12:06 (CET)
Kyrkje i Prestkleiv i Tveitankroken?
Lettaste fyrst: Tveitankroken er samnemning for heile bygdelaget i tidlegare Lunde kommune (no del av Nome) på austsida av Eidselva, minst nord til Barlås og Apalnes (med Barlaug gard?, i sør til Kåsa ved Vrangfoss på grensa til tidlegare Holla kommune (og no andre helvta av Nome kommune, med unnatak av Valebø aust for Norsjø). Enklare og grovare: Bygdelaget i tidlegare Lunde kommune som var "inneklemt" av Holla og Sauherad (Nesheraddelen av Sauherad.) Sjølv tvika eg på plasseringa på sida: Hadde dette vore eit overlevert sagn, ville eg nok flytta det opp. Med tida får vi sjå om det ligg noko att av notata til Ola Stranna som seier noko meir. Det vi har til no, er vel mest stadnamnet Prestkleiv - så eg valde å ordne det inn her det no står. Ho som fortalde meg dette, var farmor mi, Gunhild Kittilsdotter, fødd Funnemark (på Sudkåsa i Sauherad) http://www.holla-og-lundeslekt.org/slekt/showIndividual.do?IId=57090 som flytta heim til farsgarden (slekta tok han att på odel) då ho var skolejente. Klassa var på tur i Prestkleiva med læraren Olav Stranna, og han skal visstnok ha synt dei ei slag steinur som skulle vere restane av kyrkja. Farmor visste ikkje heilt kva dei skulle tru, dei fleste elevane tok vel dette med ei klype salt. Sjølv har eg gått i Stangfjellsida mange gonger med far min, men aldri funne denne røysa. Veit ikkje om noko levande menneske i dag kan ha noko meining om dette. Brorsonen til Gunhild, (Otto)Kåre har i seinare åra bygt ein skogsbilveg opp her, så ikkje alle røyser ligg urøyvde. Men for meg verkar dette som ein avveges og lite brukande kyrkjestad for bygdelaget. Sjølv om landferdselsåra mellom Ulefoss og Lunde ein gong gjekk på denne sida av elva (Skaravegen), og sidesnarvegen frå denne til vegen over Stangfjell mellom Lunde og Sauherad (Holteheiavegen)gjekk nokså nær.
- Da lar vi indikasjonen ligge der du har lagt den inn. Enig med deg i at Prestkleiv ikke virker som et naturlig sted for en kirke, men middelalderens motiver for plassering av kirker vet vi ikke så mye om. Prestkleiv kan høres ut som et sted på ferdselsåren for en prest, men hvis det f.eks.var en god vannkilde på stedet, kan det godt ha blitt bygget et kapell eller en kirke i tilknytning til denne, særlig hvis det gikk en ferdselsåre forbi. Dag Bertelsen (Dageb) 12. des 2009 kl. 23:41 (CET)
Trur og det er greitt fram til andre måtte finne ut meir - om det no er mogleg. Likevel rart du skulle nemne ei kjelde. Nede ved denne snarvegen mellom dei to hovudvegane i Tveitankroken låg det ei olle med kaldt og friskt vatn, boblande opp av marka. Sjølv om vatnet var kaldt, fraus det vanskeleg med det trykket. Då skogsbilvegen vart bygd her, freista dei bore og leggje olla i røyr. Det greidde dei utan at ho sina ut, slik det ofte hender og td hende ved den siste husmannsplassen langs denne Skaravegen på Holla-sida, Eidshaug. Men denne olla var den jamnaste eg veit om i heile Stangfjellområdet. Etter minnet ville eg stadfeste ho til UTMzone32 6575028 N 511574 E
helsing Geir Helge N