Bruspårmarken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bruspårmarken var ein hestemarken som heldt til på jordteigen "Låa" like nedom Grunge bru i Grungedal i Vinje kommune. Det var Nils Olsen Svalestuen (1870-1936) frå garden Svalastog i Grungedal som starta opp marken etter at den nye vegen over Haukelifjell var ferdig i 1899. Same året kjøpte Nils husmannsplassen Bruspåren på vestsida av elva av Anne Olavsdotter Bruspåren (1845-1929). Truleg såg han ei framtid i å kombinere drift av marken, skyss, hotell og småbruk, og snart sette han også opp Grungebro hotell.

Det var mange hestehandlarar som valde den nye vegen over Haukeli framfor den meir tungvinde Hardingslepa når dei gjekk driftene. Nils hadde vore skysskar, og vart oppmoda av hestehandlarane om å skipa til marknad langs den nye vegen over Haukeli.

Fyrste gong Bruspårmarken blei halden var i 1898. I fylgje ei kontrakt datert 1898, overlot Nils Olsen Svalestuen "Låa" til marknadsplass mot ei årleg avgift på kr. 1,- per hest som vart slept inn på plassen. Marken var ei vidareføring av den vel kjende ÅmyrsmarkenRauland. Bruspårmarken blei halden til same tid som Åmyrsmarknaden blei halden tidlegare, dvs. andre fredag og laurdag etter Jonsok. Ifylgje Aslak Nordstoga kunne det vera opp til 300 hestar her.

Bruspårmarken heldt på til 1927.

Kjelder og vidare lesning