Grungebro hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Grungebro hotell ved Grunge bru vart reist rundt århundreskiftet 1899/1900, straks etter at vegen over Haukelifjell var ferdig i 1899. Nyvegen lokka til seg reisande av alle slag. Det var ferdafolk på veg i embets medfør, reisande som dreiv småhandel, turistar, fiskarar, karar med drifter av sauer, geiter, kyr på veg til fjellbeite, og hestehandlarar frå Hardanger og kringliggande bygder og byar. Folka som kryssa fjellet trong både mat og seng.

Historikk

Nils Olsen Svalestuen (1870-1936) frå garden Svalastog i Grungedal, var skysskar. Han åtte jordteigen "Låa" på austsida av elva like nedom Grunge bru. Han hadde skipa til Bruspårmarken på "Låa" allereie i 1898. Marken gav innkome, men var ei kortvarig, arbeidsintens hending. Nils såg truleg ei framtid i å kombinere drift av marken, skyss, hotell og småbruk, og same året som vegen stod ferdig i 1899 kjøpte han husmannsplassen Bruspåren på vestsida av elva av Anne Olavsdotter Bruspåren (1845-1929).

25. mai 1900 giftar han seg med Karoline Rohdin (1863-1939). Ho kom frå Nøtterøy/Tønsberg. Ho hadde arbeidd på hotell i Skien, var dugeleg god til å lage god mat, skipe eit hus, ta vel imot. Begge var skjønsame, driftige og med stort pågangsmot. Dei to flyt den gamle stoga på Bruspåren, bygger ho saman med ei anna tømre, og kler det heile i sveitserstil. På sørveggen skriv dei "Grungebro Hotel" med store bokstavar. Dette var starten på ei reiselivsverksemd som heldt fram i 100 år.

​Hotellet var lite, bygd i to høgder, tidsmessig moderne i utforming, fargebruk og utsjånad både ute og inne. Gjesteinngangen vende mot vegen, som gjekk gjennom tunet. Ei trapp førde ein opp til ein overbygd veranda, og vidare inn i huset. Fyrste høgda var delt i to. Den eine delen av huset var for gjestene, medan den andre var privat. Her var spisesal og salong måla i ljos gulefarge med teppe på golva og bregneliknande planter som friska opp. Gardinene var enkle, kvite med hekla pyntekant. I den private delen var det kjøkken og daglegstoge. I andre høgda var det fem soverom for gjestene. Eitt stort blått rom, to grønmåla og to måla gamalrosa. Huset hadde elles tre gode jordkjellarar til poteter, grønsaker og drikkevarer. Snart måtte dei utvide, og sette opp fleire nye bygningar, m.a. låve, kjøkken, badstoge, eldhus og vognskjol.

Gjestene kom, bia, sov, åt og drakk. Somme kom med hesteskyss, etterkvart nokon med bil, buss og sykkel. Lina var ein skjønsam hushaldar, raus og omgjengeleg og godt lika. Ho serverte "kaffi, smørbrød, frokost, middag, aftens, øl og brus". Mykje mat produserte dei sjølve; både kjøt, mjølk, ost, smør, brød og bakverk. I tillegg var Nils glad i å fiske, og aure vart ein viktig del av kva dei baud på av mat. Garna bøtte han sjølv, og sytte for at båt var tilgjengeleg om gjester ville fiske. Dei tok imot både bygdefolk og turistar.

Nils og Lina fekk ikkje eigne barn, men dei hadde fostersonen Sverre Karlsen (1895-1959) som vaks opp hjå dei.

I 1936 døyr Nils, og Lina blir aleine med drifta av hotellet. Fostersonen Sverre gifter seg med Gudrun Amalie (1900-1988) frå Rjukan som hadde hatt arbeid på hotellet. Då Line døyr i 1939 er det nevøen til Nils på Bruspåren, Nils Svalastog (1912-1996). som tek over hotellet saman med kona Gunnhild (1915-1998) frå Bratland i Edland. Dei flyt til Grungebro hausten 1939, og driv staden vidare om lag slik Lina og Nils gjorde.

På slutten av 1940-talet utvidar og byggjer dei om huset, legg inn straum, vatn, vannklossett og anna komfort, og endrar namnet på staden til Grungebru Turistheim.

I 1971 skil dei frå Turistheimen og held fram med gardsdrifta frå nytt gardstun på andre sida av elva. Turistheimen sel dei til Sørlandet og Telemark krets av Norske Ungdomsberger (seinare Norske Vandreheimar). I 1975 flyt Tone Svalastog Garnes, dotter av Nils og Gunhild, og Oscar Johan Garnes, til Grungebru. Fyrst leiger dei, og i 1977 kjøper dei den utskilde tomta og huset. Dei held fram med turistverksemda, no som vandreheim, fram til 1997 då drifta blir lagt ned.

Kjelder og vidare lesning