Busetjing på Grundeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravfeltet på Grundeland er for det meste overgrodd.

Busetjing på Grundeland. I samband med at det på garden Grundeland i Fresvik i Vik kommune var planlagt eit byggjefelt, vart det føreteke arkeologiske utgravingar i 2001. Arkeologane gravde fram funn frå busetjingar i jernalderen og bronsealderen. Terrenget er flatt og godt drenert dyrka mark. Gravfeltet er for det meste overgrodd.

Utgavingane

Det vart gravd ut 9 sjakter, og i to av desse fann ein restar som tyder på busetjing. Desse to strukturane ligg nær kvarandre. Dei ligg 10-15 m nord for hovudvegen og 7-15 m vest for vegen til Kåre Bøthun. Arkeologane utelukkar ikkje at det kan vera fleire strukturar i området.

Struktur 1 er meir enn 4 m lang og inneheld blanding av mørkebrun jord, minerogen masse og innslag av kol. Han er ikkje fullstendig avdekka. Han er datert til 220-420 etter Kr, dvs eldre jernalder.

Struktur 2 er nesten 3x2m og inneheld ei blanding av minerogene massar og mørkebrun humushaldig jord. I strukturen ligg ein konsentrasjon med stein og trekol. Denne strukturen er mykje eldre enn struktur 1. Han er datert til 760-680 før Kr, dvs yngre bronsealder.

Gravfelt på Grundeland

På Grundeland låg det to gravrøyser og truleg fleire gravhaugar på eit område som måler 45x12m. Dei vart kartlagde av arkeologar i 1988. Alle vart tidfesta til jernalderen.

Den sørlegaste av røysene måler 10-12m i tverrmål og er om lag 2-3m høg. Ho ligg på gnr 136 bnr. 2. Røysa er bygd av 0,3-0,7m store til dels sterkt mosevaksne steinar/blokker. På røysa veks det mykje gras, småkratt og bringebærbusker.

Om lag 20 m NNO for denne røysa ligg ei anna røys. Den nord-nordvestre delen av røysa ligg på gnr 136, bnr.2 medan den sør-søraustre delen ligg på Holum gnr. 136 bnr. 20. Røysa måler 10x5m, orientert NNO-SSV, og er om lag 2,5m høg. Ho er bygd av 0,2-0,4m store, sterkt mosevaksne steinar/blokker. Kring røysa veks det geiterams, bringebærbusker og brennenesle. I nord-nordvestre del av røysa er det fjerna mykje stein frå sjølve røysa samstundes som det er lagt på ein del mindre stein etc. I sørsøraustre kant er det bygd ein mur og i søre kant står ei reiskapsbu.

Gravhaugen målte i 1988 10x6m og var om lag ein halv m høg. Han ligg på gnr 140 bnr. 1 like attmed grensa mot gnr 137 bnr 7/8, og om lag 15 m nord for hovudvegen. Rapporten frå 1988 seier at haugen er grasvaksen og har truleg vore høgare tidlegare då han no verkar særs øydelagd og avflata over det heile. I same frukthagen er det fleire små forhøgingar som kan vera restar av gravhaugar, men dette er uvisst.

På gnr 140 bnr 1 låg det ei gravrøys som no er borte. Røysa låg på flat mark 50m SO for huset til Kåre og Ragnhild Bøthun og 20m N for husa på bnr. 3, Sjurgarden. Det er funne kol og oske i røysa. Ein har også funne spydspissar datert til eldre jarnalder. Truleg er desse funne i røysa.

Busetjingane på Grundeland er ein del av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi.


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Busetjing på Grundeland er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.