Buskerud husflidsskule

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Buskerud husflidsskole»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Buskerud husflidsskule kom i drift frå 1956 – fram til kring 1964 under namnet Buskerud kvinnelege husflidsskule. Stortinget hadde i 1948 vedteke at kvart fylke skulle ha minst ein husflidsskule, med eitt- eller toårig opplæring i vev og saum. Det kom på plass husflidsskular i dei fleste fylke som mangla slike innan 1950. I Buskerud vart det dragkamp i fleire runder mellom kommunane om endeleg plassering av den nye husflidsskulen.

Midlertidig husflidsskule på Gol

Kristina Slettemoen, som dreiv vevskule på Gol, meinte det ville høve godt med ein husflidsskule på Gol. Ho kontakta Buskerud husflidslag om saka, og dei tok opp spørsmålet på årsmøtet i 1950. Året etter valde dei ei nemnd, med Slettemoen som leiar, som skulle arbeide med saka. Nemnda sende ei innstilling til fylkestinget i 1954. Det var interesse for saka, men fylket hadde ikkje pengar å avsjå. Og om dei hadde hatt det, ville dei bygd og drive skulen på Lampeland i Flesberg.[1]

Arbeidet vart likevel vidareført i ei ny nemnd nedsett av fylkestinget. På deira initiativ vart det oppretta ei husflidslinje på Numedal folkehøgskule. Nemnda innhenta elles planar frå fleire kommunar om husflidsskule. Gol skilde seg ut. Dei kunne tilby lokale i Gol trevarefabrikk, sørgje for innkjøp av utstyr og var viljuge til å dekkje delar av husleiga. Dette gjorde at skulen kunne komme i gang på Gol, men fylket såg på dette som ei midlertidig ordning.

Undervisninga

Då departementet tilsette Kari Tryti som styrar og vevlærarinne og Klara Bøyum (seinare Rust) som saumlærarinne, var det i midlertidige stillingar.[2] Den nytilsette styraren sa i eit intervju med Nationen[3] at skulen ville verte eit aktivum for kommunen, og ho var godt nøgd med at dei bygde kombinert gym- og festsal og betalte alt utstyret skulen trengde. Tryti sa vidare at i motsetnad til dei kortvarige husflidskursa, som var meir praktisk retta, ga eit årskurs meir rom for teori. Skulen skulle gi eit godt grunnlag både for dei skulle drive med heimeyrke og dei som tok han som ein forskule til Statens kvinnelige industriskole, som var svært vanskeleg å komme inn på.

Frå starten hadde husflidsskulen to linjer, ei for veving og ei for lin- og kjolesaum. Frå 1962 fekk dei ein ekstra saumklasse, og skulen vart toårig. Etter fyrste året konkurrerte elevane om å komme vidare til vevklassen, som kvalifiserte for opptak ved høgare utdanning. Buskerud husflidsskule følgde, i likskap med dei andre fylkeshusflidsskulane, departementets normalplan, som også omfatta allmennfag. Elevar frå heile landet var velkomne, men under elles like forhold, hadde dei frå Buskerud fortrinnsrett.

Politisk dragkamp

I 1964 vart det igjen politisk dragkamp om husflidsskulen, som etter åtte år fortsatt var rekna som midlertidig. Etter at ordninga med gymnas vart innført, og Gol vann kampen om lokalisering, hadde Nesbyen ledige lokale etter realskulen. Forslaget som vart behandla i fylkestinget, var å opprette eit kvinneleg utdanningssenter i Nesbyen. Dit skulle ein flytte både husflidsskulen på Gol og husmorskulen på Ål. Styrar Kari Tryti varsla at ho kom til å seie opp stillinga si om forslaget gjekk igjennom.[4] Det gjorde det ikkje.

Tryti var rektor ved Buskerud husflidsskule i 23 år. I 1979 tok Solveig Orstad Teigen over. Skulen flytta då inn i andre høgda i LK-bygget, etter fleire år i kommunehuset. På 1980-talet utvida dei med grafisk linje og aktivitørutdanning. I 1990 vart Grete Golberg tilsett som rektor, etter to år som fungerande rektor. Skulen vart i hennar rektortid råka av nye dragkampar. Fylkesskulesjefen gjekk inn for å leggje ned husflidsskulen, for å effektivisere drifta og få ned kostnadene for dei vidaregåande skulane i fylket. Husflidsklassane skulle flyttast til Lien landbruksskule og Hallingdal gymnas.[5] Det vart ikkje nedlegging, men samanslåing av Buskerud husflidsskule og Hallingdal gymnas til Gol vidaregåande skule i 1994, med Golberg som rektor.

Fotnoter

  1. Drammens Tidende og Buskeruds Blad 22. juni 1981
  2. Aftenposten 5. august 1957
  3. Nationen 4. oktober 1957
  4. Aftenposten 4. november 1964
  5. Drammens Tidende og Buskeruds blad 8. mars 1994

Kjelder og litteratur