Bygdeboknemda for Sauherad
Bygdeboknemda for Sauherad arkiv | |
---|---|
Arkivinstitusjon: | Evju Bygdetun |
Arkiv-id: | EBK-P-101 |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Midt-Telemark |
Stad: | Evju Bygdetun |
Digitalt innhald: | Arkivkatalogen |
Bygdeboknemnda for Sauherad vart nedsatt fyrste gong i 1918. Sidan følgde fleire nemnder med ulike medlemmar.
Arbeidet med bygdeboka starta med at einskildpersonar samla inn kjelder og skreiv om tradisjonar og hendingar. Den fyrste som jobba systematisk med bygdeboka, var Thorstein Gunheim. Kommunen kjøpte samlinga etter han i 1937.
På 1950-talet sette nemnda i gang eit planmessig arbeid med bygdeboka. Dei sende ut spørjeskjema til heile bygda, og i 1959 vart Jon Hvitsand tilsett som forfattar av gards- og ættesoga. Han avslutta arbeidet i 1968. I 1975 tok Birger Kirkeby over stafettpinnen, og mellom 1980 og 1988 kom det ut fem band av Bygdebok for Sauherad.
Arkiv
Materiell og stoff innhenta til bygdeboka, samt informasjon om bygdeboknemdas arbeid, er arkivert ved Evje Bygdetun.
Kjelder og litteratur
- Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad. Utg. Sauherad kommune. Sauherad. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 7-8