Byparken (Mosjøen)
Byparken ligg midt Byflata i Mosjøen, rett sør for Mosjøen vidaregåande skole. Parken vart grunnlagt i tida 1900-1905, og utvida isom eit klassisk hageanlegg med element frå ulike epokar innan hagekunsten. Parken vart i 2009 freda av Riksantikvaren som kulturminne, og fredinga vart markert som ein del av feiringa av Kulturminneåret 2009.
Gjennom eit arbeid som vart sluttført i 2008, vart halvdelen av parken restaurert med utgangspunkt i bilete og teikningar av parken slik han var i 1905. Ein fjerdedel av parken vart restaurert i samsvar med planane for parken i byplanen av 1948, og ein fjerdepart er utbygd i samsvar med moderne parkideal. Eit fjerde element i parken er paviljongen frå byplanen av 1925. Restaureringa av parken er leia av bygartnar Ragna Berg. Arbeidet er mellom anna finansiert ved at organisasjonar og einskildpersonar har betalt for utplanting av tre i parken.
Bakgrunnsstoff
- Riksantikvaren.no: Riksantikvaren freder byparken i Mosjøen
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Byparken i Mosjøen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |