Bø mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø Mållag arkiv
Arkivinstitusjon: Bø Museum
Full sti: Bø-0015
Kategori: 11,10: Foreiningsarkiv
Frå år: 1910
Fylke: Telemark
Kommune: Midt-Telemark
Stad: Bø Museum
Innhald: Årsmeldingar, møtebøker, korrespondanse, saker, rekneskap,medlemslister, avisutklypp
Digitalt innhald: Arkivkatalogen

Bø mållag blei skipa 2. mars 1902. Mållaget held til i i Telemark, og er eit lokallag av Telemark mållag.

Laget har arbeid for kulturen og språket i bygda. Det har mellom anna stått bak mange kultur- og bokkveldar, og arbeidd for nynorsk skulemål og nynorsk i offentleg målbruk og forretningsliv.

Til jubileet i 1977 gav laget ut boka "Talemålet i Bø : eit gramatisk oversyn" av Inger-Lise Solberg og Regine Værstad.

Laget har til føremål å samle målfolk i Bø til aktivt arbeid for det nynorske skriftspråket, å auke kunnskapen og vørdnaden for nynorsken og bødialekta og å styrkje grunnlaget for bygdekulturen og verne om miljøet i bygda.[1]

Arkiv

Arkivet etter Bø mållag er ordna ved Bø Museum. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Fotnotar

  1. http://bo.nynorsk.no/vedtekter.htm (lest 13.12.2017, kl. 10.00)

Kjelder og litteratur

  • Heimesida til Bø mållag, lest 13.12.2017, kl. 10.00.
  • Solberg, Inger-Lise og Regine Værstad: Talemålet i Bø : eit grammatisk oversyn. Utg. Bø mållag. 1977. 62 s.

Sjå også