Børtevegen (Sauherad)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Børtevegen på Nordagutu i Midt-Telemark kommune er ein skogsbilveg som går aust- og sørover frå Sundslivegen på vestsida av Langåsåsen mot Børtevatn. Han er 1 677 meter lang.
Vegen har namn etter Børtevatn. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.