Charlotte Sletten Bjorå

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Charlotte Sletten Bjorå f. Sletten (født 3. oktober 1973) er biolog og arbeider som førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum.

Ho vaks opp med foreldra og tre sysken i Gjerstad. Etter examen artium ved Risør videregående skole studerte ho ved Universitetet i Oslo og blei cand.scient. i botanisk økologi. I 2008 følgde ho opp med ein doktorgrad, der ho mellom anna tok for seg ti nye artar og underartar frå Afrika av slektene Crinum og Chlorophytum i ordenen Asparagales. Ho underviser og vegleiar studenter i faget, og er/har vore deltakar i ei rekke forskningsprosjekt. Bjorå har omfattande erfaring med feltarbeid, særleg i Afrika.

Ho er fast spaltist i Morgenbladet.

Bjorå er gift og har fire born.

Litteratur og kjelder