Dølevodd (Valle gnr 45/10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dølevodd, Rikesvegen innover mot gardane i Rike.
Foto: Siri Johannessen (14. mai 2020).
Dølevodd nedst i venstre hjørne, riksveg 12 går opp til kyrkja og vidare.
Foto: Mittet (1948).

Dølevodd ligg der Rikesvegen tek av mot aust frå Nordibøvegen (tidlegare Riksveg 12), sentralt i Vallebygdi i Valle kommune. Sjå eigendom og norgeskart.no kallar luten Dølevoll, men i denne artikkelen er den lokale namneforma frå Gards- og ættesoge Valle (band 4) vald.

Eigendomen ligg omlag midt i Rikesgarden og vart utkløyvd frå Skarpækre i 1935. Olav Olsson Rike, son til Margit Sveinsdotter fødd Berg (1867–1944), fekk skøyte på han frå halvbroren Aslak Olsson (1886–1948), son til Gyro Olavsdotter Åkre (1844–1895), same året.

Annonsar frå Fædrelandsvennen i november 1946.

I 1930-åra dreiv Olav med landhandel, og hadde og ein revegard frå før 1940 til uti 1950-åra. Ingebjørg hadde husflidsutsal. I 1955 fekk dei løyve frå kommunen til å drive herberge og kaffistove. 22. januar 1999 gjekk eigendomen over til sonen Daniel.

  • Olav Olsson Rike, f 1910, d 1974
g 1937 m Ingebjørg Danielsdtr. Harstad, f 1914, dotter til Daniel Bjørnsson Harstad og Gunhild Taraldsdotter f. Mosdøl frå Utistog i Byklum, busett på Harstad.
Born:
  • Olav, f 1938, g 1965 m Inger Alise Bækestad, Bindalseidet, busett Sagneskar.
  • Daniel, f 1940, g 1967 m Marit Lien, Tvedestrand, busett Tvedestrand.
  • Magne, f 1948, g 1974 m Bjørg Drengsdotter Brokka, busett Lunden.

Kjelder