Danskehytta (Norddal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Danskehytta og Heimste Vikvatnet i 2008.

Danskehytta er ei sjølvbetjent turisthytte tilhøyrande Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Hytta ligg på 1450 meter over havet ved Heimste Vikvatnet i Norddal kommune, og vart bygd for midlar som danske medlemer samla inn som gåve til 125-årsjubileet til Den Norske Turistforening i 1993. DNT bestemte å gje midla vidare til ÅST. Også dronning Margrethe var aktivt med i innsamlingsarbeidet, og hytta fekk derfor namnet Danskehytta.

Danskehytta har 26 sengeplassar.

Kjelder

  • Fylling, John H. 1999: Tafjordfjella. Fra fjord til verdens tak. Vista forlag, Larsnes, s. 67 og 70.
  • Om Danskehytta på ut.no