David Petræus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Altertavle frå 1630 Ulvik i Hardanger.

David Petræus (1563 - 1642), eller David Pedersen som var det eigentlege namnet hans, verka som prest i Trøndelag før han enda sine dagar som sokneprest i Ulvik og Granvin, der han døydde mest åtti år gammal.

Fleire kjelder har ymse å fortelja om David Pedersen. Johan Fredrik Lampe si prestesoge kan fortelja at han kom frå Bergen, av fattige foreldre, og at han nytta namnet Crispus. Han nytta òg den latiniserte forma av Pedersen, Petræus. [1]

David Petræus fekk truleg si presteutdanning på latinskulen i Bergen[2], og vart prestevigd omlag 1587 av biskop Hans Mogensen i Trondheim. Han fungerte som kapellan i stiftet i mange år inntil han fekk ei stilling som kapellan i Vik i Sogn og Fjordane og Kvinnherad i Hardanger. Først i 1608, 45 år gammal, vart han utnemnd til sokneprest i Ulvik og Granvin. Til gjengjeld vart han verande i denne stillinga fram til han døydde som ein gammal mann.

Konfliktar i Trøndelag

Frå tida i Trøndelag får me nokre små glimt av han i bokverket "Den Norske Kirkes Geistlighed i reformations-aarhundredet (1536-1600)" av A. Chr. Bang. Her heiter det i eit avsnitt om Borgund, Grytten og Veø: "Var enten personel eller residerende kapellan i 1597, da han omtales i en retssag, idet han havde udstedt et brev angaaende en trolovelse (dombog af 1597, side 79). Han er vel den David Petræus, som Milzow omtaler (side 61)". [3]

Noko seinare vert ein konflikt med teologisk lektor Jens Anderssøn i Værdalen omtala: "Efter hans død søgte kapellanen i Volden David Pederssøn at trænge inn i kaldet paa grund af, at han, som oplyst (se Volden), havde faaet en præbende, der tidligere altid havde hørt sammen dermed. Men ved kongebrev af 4de april 1601 blev det fastsat af kongen, at Værdalens sognekald fremdeles som tidligere skulde ligge til lektorembetet ("Rigsregistranter" III, 625 flg.)" [4]

Rik etterslekt i Hardanger

David Petræus har etterlate seg ei rik etterslekt, særleg i Hardanger. Han var gift med Abelone Jensdtr. I Hardanger Tidsskrift for 1936 heiter det at "Jakob og David (dersom ikkje David er forvrengjing av Dagfinn i 1520) er vel fyrst komne fraa Skotland. Seinare er David-namnet knytt til etterkomarane aat presten David Petræus i Granvin." [5]

Den gamle stavkyrkja i Ulvik vart rive i 1710, og nokre år seinare i Granvin.

Referansar

  1. Johan Fredrik Lampe: Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen utg. 1895
  2. Olafsen, O. (1934). Presten David Petræus og hans efterslægt. Hardanger Tidsskrift 1922-1935, 82–87.
  3. Chr. Bang: Den Norske Kirkes Geistlighed i reformations-aarhundredet (1536-1600) utg. 1897.
  4. *Chr. Bang: Den Norske Kirkes Geistlighed i reformations-aarhundredet (1536-1600) utg. 1897.
  5. Hardanger Tidsskrift for 1936

Kjelder og litteratur

  • Johan Fredrik Lampe: Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen : biografiske Efterretninger / samlede af Johan Fredrik Lampe ; efter hans Død udgivne af D. Thrap. Utg. 1895-96.
  • Chr. Bang: Den Norske Kirkes Geistlighed i reformations-aarhundredet (1536-1600). Kristiania, 1897
  • Olafsen, O. (1934). Presten David Petræus og hans efterslægt. Hardanger Tidsskrift 1922-1935, 82–87.
  • Hardanger Tidsskrift for 1936. Utg. Hardanger Historielag.
  • Hans-Emil Lidén: Kirkene i Hordaland gjennom tidene. Eide forlag, 2008.