Samtale:David Petræus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Har freista å finne meir ut om David Pederssøn då han er min 9. oldefar.

Har i denne samanheng søkt etter informasjon om hans gjerningar som prest.

Her på lokalhistoriewiki.no står det:

"Noko seinare vert ein konflikt med teologisk lektor Jens Anderssøn i Værdalen omtala: "Efter hans død søgte kapellanen i Volden David Pederssøn at trænge inn i kaldet paa grund af, at han, som oplyst (se Volden), havde faaet en præbende, der tidligere altid havde hørt sammen dermed. Men ved kongebrev af 4de april 1601 blev det fastsat af kongen, at Værdalens sognekald fremdeles som tidligere skulde ligge til lektorembetet ("Rigsregistranter" III, 625 flg.)" [3]"

I boka til Bang står det m.a. fylgjande om Daniel Pederssøn i Volden: "...Han sees da ogsaa at have gjort krav paa dette prestegjeld, uten at det lykkedes at det dog lykkedes at faa det ("Rigsregistranter" III, 625)." Sjå Bang, A. C. (1897). Den norske kirkes geistlighed i reformations-aarhundredet (1536-1600) : biografiske, kulturhistoriske og kirkehistoriske oplysninger - Nasjonalbiblioteket. http://www.nb.no/nbsok/nb/29817a3a534ebbbd7b286ba1b3897303?index=40#0

Eg er ikkje kjent med at David var kapellan i Volden. Han var kapellan på Veøy ei tid før han kom til Sogn, Kvinnherad og Granvin / Ulvik. Sjå Kvalem, H. M. (1995). Ættarbok for Granvin (E. R. Hanssen (ed.); 2nd ed.). https://www.nb.no/nbsok/nb/1df7f49000e632bf0c1802964832e3df#239. Han var ei tid kapellan i Veøy. Eg har mistanke om at det her kan ha skjedd ei samanblanding av David og Daniel Pederssøn. Så vidt eg veit var David kapellan i Stjørdal frå 1588 til 1600. Om dette kan ein lese i Stjørdalsboka (Leirfall, 1995).

Olafsen, O. skriv at han, som ein av dei siste mest trulig vart utdanna i Noreg, og ikkje i København. Sjå Olafsen, O. (1922). Granvin i fortid og nutid : En bygdebok (1st ed.). Nedsat komite.

Han vart ordinert 1587 av biskop Hans Mogensen i Trondheim.

Vil gjerne høyre kva dei som har skrive om David seier før eventuelle endringer.

Mvh Aslak E Himle

Hei Aslak, Eg er den opphavlege artikkelforfattaren. Her og no har eg ikkje moglegheit for å kontrollera dei opplysningane du gjev, det er også ei god tid sidan eg skreiv artikkelen. Men det ser ut som du har gjort eit grundig arbeid med dette, og det er såleis grønt lys frå mi side for deg til gjera desse endringane. Men der du finn det mogleg, og me har med to motstridande kjelder å gjera, ser eg gjerne at det vert gjort greie for begge. Eg er elles også ein etterkomar av David Petræus, som utallege andre - til liks med deg som "niande tippoldebarn". Takk for informasjon :) Mvh Knut Rage--Knut Rage (diskusjon) 21. jan. 2021 kl. 18:13 (CET)
Hei Knut, Eg vil vente med å gjere noko med dette til eg veit meir om sitatet du har frå Rigsregistranter. Se vi har sitat frå III, 625 begge to, men tekstane synes ikkje å vere like. Eg er ikkje i stand til å finne teksten i ditt sitat per i dag. Mvh Aslak E Himle
Som sagt er det lenge sidan eg skreiv denne artikkelen, så eg treng nok noko tid for å nøsta opp i trådane her. Men slik det ser ut no er det godt mogleg du kan ha rett i dette. Eg kjem tilbake til saka. --Knut Rage (diskusjon) 22. jan. 2021 kl. 13:31 (CET)

Begynn en diskusjon om siden «David Petræus»

Start en diskusjon