Den første gjæslingulukka 1625

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tittelsida til presten Michel Mogenssøns dikt om ulukka, utgjeve i København 1627.

Den første gjæslingulukka fann stad på Foldafjorden i Nord-Trøndelag 23. februar 1625. Om lag 700 fiskefarty var på sjøen, og vart overraska av ein orkan. Katastrofa er nemnd i ein kjelde frå 1627, i form av eit dikt av presten Michel Mogenssøn: «Threnologia Numdalensis, Eller Numdal Tenck der paa: Det er: It sørgeligt Klagemaal om den Store Haffsnød oc Søeskade, Som skeede i Numdals Lehn udi Trundhiembs Stifft paa det foruand Folden den 23. Februarij Anno 1625, Druckned samme tid 210 Personer i to eller tre timer, huis Siele Gud glæde til en Salig Opstandelse».

Ifølge segner frå området skal Barbro Hasfjord ha vorte skulda for å ha forårsaka stormen. Vi veit ikkje om det stemmer, men vi veit at ho vart brent som heks i 1647 eller 1648.

Namnet «gjæslingulukka» kom av at ein stor del av fiskarane i området kom frå Sør-Gjæslingan. Den andre gjæslingulukka fann sted i 1906, då 25 fiskarar miste livet.

Litteratur og kjelder

  • Mogenssøn, Michel: Threnologia Numdalensis, Eller Numdal Tenck der paa: Det er: It sørgeligt Klagemaal om den Store Haffsnød oc Søeskade, Som skeede i Numdals Lehn udi Trundhiembs Stifft paa det foruand Folden den 23. Februarij Anno 1625, Druckned samme tid 210 Personer i to eller tre timer, huis Siele Gud glæde til en Salig Opstandelse. København. 1627. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Prosessen mot Barbro Hasfjord, faksimile hos Norsk folkeminnesamling.