Drangsvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Drangsvegen sett frå Kvitseidvegen.
Foto: Roy Olsen (2022).

Drangsvegen i Vrådal i Kviteseid kommune går søraustover frå Kvitseidvegen og er 166 meter lang. Han har òg ei 113 meter lang nordgåande avgreining. Vegen ligg på eigedomen Findreng søndre (gnr. 17/1) i skiljet mellom tjønnane Ytre- og Indre Drang.

Pr. 2022 har seks einebusdadar adresse til vegen. Ein av dei er nytta som fritidsbustad.

Kilder


Koordinater: 59.27409° N 8.52359° Ø