Dualis
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dualis er eit grammatisk tal som svarar til to-tal. I samiske språk og i det utdøydde germanske språket gotisk blir dualis bruka i både pronomen og verb. Allereie i norrønt (og i alle andre dokumenterte germanske språk utanom gotisk) var dualis avgrensa til personlige pronomen i 1. og 2. person. Det finst restar av dualisformene som vanlig fleirtal i nynorsk og norske dialektar: Norrøne fleirtalsformer som (þ)ér (nominativ) og yðr ( > *þyðr) (akkusativ/dativ) svarar til dialektformer som de og dør, medan norrøne dualisformer som (þ)it (nominativ) og ykkr ( > *þykkr ) (akkusativ/dativ) svarar til dialektformer som di og døkk/dekk/dokk(er). I moderne samiske språk er dualis framleis i bruk både i pronomen og verb.
Kjelder og litteratur
- Dualis - grammatikk i Store norske leksikon.