Dypvåg prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Dypvåg prestegjeld vart utskilt frå Holt prestegjeld i 1812, med sokna Dypvåg og Flosta. Året etter var det ei mindre grensejustering då ein gard og nokre øyar vart overført frå Søndeled til Dypvåg, og i 1866 vart ein gard til overført.

I 1963 vart det vedteke at Flosta sokn med verknad frå 1. januar 1972 skulle overførast til Austre Moland prestegjeld. I 1973 vart så Dypvåg prestegjeld nedlagt, og soknet vart overført til Holt.

Dypvåg prestegjeld er bland anna kjend for å vere den einaste staden i Noreg der folketeljinga frå 1801 manglar. Bakgrunnen for dette er at befolkninga i Dypvåg under blokaden i 1801 hadde samla seg om å bortføre eit skip som var lasta med kornvarar. I etterkant av dette lånte byfogden i Risør, Otto Munthe Tobiesen folketeljinga. Han brukte den til å organisere forhør.Teljinga gjekk så tapt.

Kjelder